Sknadsordningar for kunstfeltet VISP 22 02 18 Seksjon

  • Slides: 25
Download presentation
Søknadsordningar for kunstfeltet VISP 22. 02. 18 Seksjon for kunst- og kulturformidling

Søknadsordningar for kunstfeltet VISP 22. 02. 18 Seksjon for kunst- og kulturformidling

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så for å få kulturmidlar

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så for å få kulturmidlar frå fylkeskommunen må prosjektet ha regional verdi og / eller nedslagsfelt. Fylkeskommunane skal ikkje overta kommunane sitt lokale ansvar, men ha oversyn og sikre tilgjenge til meir spesialiserte eller regionaliserte kulturtilbod.

5. 7 Kunstproduksjon og kulturformidling; 27. Innsatsområde: Kunstløft – Det profesjonelle kunstfeltet • Mål:

5. 7 Kunstproduksjon og kulturformidling; 27. Innsatsområde: Kunstløft – Det profesjonelle kunstfeltet • Mål: Vilkåra for kunstproduksjon, visning/framføring og formidling av kunst i heile fylket skal styrkast. Regionen skal ha eit berekraftig og levande kunstliv med komplette verdikjeder • Prioriterte tiltak i handlingsprogrammet: • A. Institusjonane: Systematisk og målretta styrking i høve drift, investering og infrastruktur • B. Det frie profesjonelle feltet: Styrke vilkåra for kunstproduksjon gjennom kunstnarar, prosjekt og produksjonslokale, med utgangspunkt i eigenarten til den einskilde kunstform. E. Styrke det kunstpolitiske programområdet innanfor Kulturelt utviklingsprogram

REGIONAL VERDI • Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk

REGIONAL VERDI • Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og / eller etter funksjon. Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium: • - Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): Om tiltaket omfattar fleire kommunar og/eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn to kommunar. • - Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg): • Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nyskaping m. m. kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi. • Når det gjeld profesjonelle aktørar og miljø vil det ofte vere naturleg å stille høgare krav til fagleg tyngd og fagleg kvalitet. 4

Relevante søknadsordninger • Prosjekttilskot: kunst og kultur – profesjonell • Prosjekttilskot: større kulturtiltak •

Relevante søknadsordninger • Prosjekttilskot: kunst og kultur – profesjonell • Prosjekttilskot: større kulturtiltak • Kunstnarstipend https: //www. hordaland. no/nn-NO/kultur/kunst--ogkulturutvikling/kunstnarstipend/ • Kulturelt utviklingsprogram https: //www. hordaland. no/nn-NO/kultur/kunst--ogkulturutvikling/kulturelt-utviklingsprogram-kup/ • oversikt • https: //www. hordaland. no/nn-NO/kultur/kunst--og-kulturutvikling/

Prosjekttilskot: kunst og kultur – profesjonell Kulturtiltak og -prosjekt knytt til det profesjonelle kunst-

Prosjekttilskot: kunst og kultur – profesjonell Kulturtiltak og -prosjekt knytt til det profesjonelle kunst- og kulturlivet i Hordaland. I 2017 mottok HFK 132 søknader i denne ordninga – fordelt på to søknadsfristar. Samla søknadssum var omlag 7 millionar kroner. 68 søkjarar fekk positivt tilsegn. Budsjett 2018: 950 000 kr + 408 000 kr øyremerka barn og unge 6

PROSJEKTTILSKOT: KUNST OG KULTUR - PROFESJONELL FØREMÅL MED ORDNINGA • Hordaland skal ha eit

PROSJEKTTILSKOT: KUNST OG KULTUR - PROFESJONELL FØREMÅL MED ORDNINGA • Hordaland skal ha eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk. Ordninga skal sikre innbyggjarar i heile fylket tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod av høg kvalitet. Barn og ungdom har spesiell merksemd, og ein ønskjer å stimulere spesielt til at unge sjølv er aktive deltakarar i prosjektet. • Tilskotsordninga skal styrkje gjennomføringa av eit regionalt kunstløft slik det er skissert i Premiss: kultur, regional kulturplan for Hordaland 2015 - 2025, og skal svare på aktuelle utfordringar og behov innanfor eit ambisiøst og profesjonelt kunst- og kulturliv i Hordaland. Ordninga skal omfatte kunstprosjekt, kulturminneprosjekt ol tiltak i regi av profesjonelle aktørar. • Stønadsordninga skal elles ta omsyn til følgjande vedtekne kulturpolitiske mål og søkje å oppfylle desse: > Kulturpolitikken skal fremje demokrati og ytringsfridom. > Hordaland skal ha eit rikt, aktivt og mangfaldig kulturliv, med tilgang for alle. > Kulturpolitikken skal identifisere og styrke miljø og aktivitetar der Hordaland er eller kan vere leiande. 7

KVEN KAN SØKJE • Aktørar innan det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Hordaland, og

KVEN KAN SØKJE • Aktørar innan det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Hordaland, og tiltaket skal ha eit kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål. • Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve, og evt tilskot er oppgåvepliktig til skattemynde. • Organisasjonar/institusjonar som tek i mot driftsstøtte frå HFK kan søkje tilskot frå desse ordningane om det gjeld særskilte tiltak, slik som t. d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak. • Det er to søknadsfristar i året – 1. mars og 1. september. 8

 • Den enkelte løyving ligg som regel mellom 10 000 og 45 000

• Den enkelte løyving ligg som regel mellom 10 000 og 45 000 kroner. • Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt. Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering. • For å få støtte må dykkar prosjektet/tiltak vere i samsvar med viktige satsingar i Regional kulturplan 2015 -2025. • Desse midlane gjer høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland, t. d. setje i gang pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre. Vi ønskjer at desse midlane kan stimulere til mangfaldig kulturaktivitet rundt om i fylket, både når det gjeld innhald og deltaking. Vi vil også støtte gode prosjekt som fremjer samhandling og nettverk for/i amatørkulturlivet i fylket. • Barn og unge er viktig i den fylkeskommunale kulturpolitikken. Vi ønskjer i denne ordninga også gje barn og ungdom sjølv høve til å prøve ut nye aktivitetar og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i Hordaland. Vi vil prioritere tiltak der unge sjølv er aktivt involvert i utvikling og gjennomføring. 9

DET BLIR IKKJE GITT STØTTE TIL FØLGJANDE: • Det er skilt ut nokre konkrete

DET BLIR IKKJE GITT STØTTE TIL FØLGJANDE: • Det er skilt ut nokre konkrete føremål/tiltak det ikkje vert gitt støtte til i desse tre søknadsordningane. Grunnen til dette er fylkeskommunen si kulturpolitiske rolle, andre tilskotsordningar og kompetanse- og ansvarsfelt både hos fylkeskommunen og andre off. instansar. • • • • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument. Ordinær drift av institusjonar, organisasjonar, lag, grupper og tilsvarande. Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar - t. d. vidaregåande skular. Utgjeving / publisering av skjønnlitteratur, film og musikk. Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi. Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald ol. 10

Prosjekttilskot: Større kulturtiltak Søknadsfrist og handsamast 1 gong i året – 1. mars Tilskotsordninga

Prosjekttilskot: Større kulturtiltak Søknadsfrist og handsamast 1 gong i året – 1. mars Tilskotsordninga skal vere eit reiskap for å oppnå visjonen for kulturutviklinga i Hordaland, slik den er framlagt i Premiss: kultur, regional kulturplan for Hordaland 2015– 2025: Hordaland skal vere ein leiande kulturregion. • Visjonen gjev uttrykk for ambisjonen om å vere grenseoverskridande og nyskapande med risikovilje, og å ta vare på og utvikle verdiar. Kulturlivet i Hordaland skal markere seg på høgt nivå, og denne ordninga skal kunne gjere mogleg realisering av utvalde, særskilde prosjekt som kan vere føregangsprosjekt med klår verdi for utviklinga av kulturlivet i fylket. • Både det profesjonelle og frivillige kulturfeltet, og tiltak som har idrett og friluftsliv som hovudføremål, kan søkje i denne ordninga. • Med større meinast at det omsøkte tiltaket skal ha ei viss fagleg tyngd og storleik. Det skal vere særskilde tiltak med klåre prosjekttankar som skil seg tydeleg frå dagleg drift. Det skal vere tyde-lege føregangsprosjekt med klår verdi for utviklinga av kulturlivet i fylket. • Løyvingane ligg i hovudsak mellom 50 000 kroner og 200 000 kroner. 11

VURDERING AV SØKNAD • Føljande kriteria skal ligge til grunn for vurderinga av søknadane:

VURDERING AV SØKNAD • Føljande kriteria skal ligge til grunn for vurderinga av søknadane: • a. I kva grad tiltaket oppfyller føremålet i søknadsordninga • b. I kva grad tiltaket oppfyller satsingar i Regional kulturplan • c. I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket • d. I kva grad tiltaket har verdi for større delar av fylket • e. I kva grad tiltaket er nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt • f. I kva grad tiltaket er utadretta og ope • g. Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers • h. Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad. • i. I kva grad søkjar har vist gjennomføringsevne • j. I kva grad tiltaket har støtte og forankring i heimkommunen og evt nasjonalt(td. Norsk kulturråd) • Ved søknader om støtte til festivalar skal det i tilleggast følgjande kriteria til grunn for vurderinga: • k. festivalen sin eigenart, kunstnarlege profil og fokus på utvikling av det kunstnarlege uttrykket • l. formidlingsevne og publikumsoppslutning • I tillegg skal ein sjå på den samla fordelinga av omsyn til geografi og sjanger. • Om det gjeld støtte til produksjon må det ligge føre plan for utbreiing og formidling. Om det gjeld søknad om støtte til kunstproduksjon kan det verte oppnemnt rådgjevande kunstfaglege konsulentar innan relevante sjangrar. 12

OPPFØLGING, RAPPORTERING OG KONTROLL • • Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i

OPPFØLGING, RAPPORTERING OG KONTROLL • • Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. • Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at tiltaket er gjennomført. • Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll. • Dersom prosjektet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, eller at det vert påvist tydelege feil eller manglar, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende. 13

Kunstnarstipend under revidering – vedtak i KIRU 13. februar • Det vart gitt 5

Kunstnarstipend under revidering – vedtak i KIRU 13. februar • Det vart gitt 5 reise- og/eller kompetansehevingstipend á 25 000 kroner 2 arbeids- og fordjupningstipend á 50 000 kroner. Eitt av desse arbeidsstipenda skal gå til ein kunstnar i etableringsfasen. • 2018: ei auke til 350 000, fordelt på 12 stipend a 25 000? • Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll. • Bruk digitalt skjema for å søkje. Søknadsskjema vert opna og publisert minst ein månad før søknadsfrist, og vert lukka når søknadsfrist går ut. • Søknadsfrist 1. juni 14

Kven kan søkje • Du må vere profesjonell, utøvande kunstnar busett i Hordaland for

Kven kan søkje • Du må vere profesjonell, utøvande kunstnar busett i Hordaland for å kunne søkje kunstnarstipenda. Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning. • Om ein har fått stipend gjennom HFK skal det gå minst 3 år før ein igjen vil verte vurdert for evt. nytt stipend. • Det kan søkjast innan følgjande kategoriar: • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design) • Musikk • Scenekunst(inkl. dans) • Litteratur og film • Anna/tverrkunstnarleg (kandidatar som vel dette skal vurderast av minst to av dei mest aktuelle juryane). • Undersøkingar visar at kunstnarstipend har størst tyding for unge kunstnarar / kunstnarar i etableringsfasen. 15

Vurdering av søknader kunstnarstipend • Det vert utnemnt stipendkomitéar medlemmar utnemnde frå følgjande organisasjonar

Vurdering av søknader kunstnarstipend • Det vert utnemnt stipendkomitéar medlemmar utnemnde frå følgjande organisasjonar /institusjonar: • ›Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design): Bildende kunstneres forening Hordaland (2 medlemmer), Norske kunsthåndverkere Vest. Norge, VISP, Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) v Ui. B. . • ›Musikk: Brak, Vestnorsk Jazzsenter, Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) v. Ui. B, Bergen filharmoniske orkester, Hordaland fylkeskommune – Seksjon for kunst- og kulturformidling • ›Scenekunst (inkl. dans): Proscen, BIT teatergarasjen, Vestlandske teatersenter, Høgskolen i Bergen - Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon • ›Litteratur og film, Norsk forfattersentrum Vestlandet og Vestnorsk filmsenter • Dei fire stipendkomiteane vurderer og innstiller søkjarar på grunnlag av ei skjønsmessig vurdering av kunstnarleg aktivitet og kvalitet. Innstillingane skal vere grunngjevne. Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn dei nominerte kanidatane. • Kultur- og idrettsavdelinga – seksjon for kunst- og kulturformidling tek den heilskaplege vurderinga ut frå innstillingane frå stipendkomiteane og lager ei ferdig innstilling til framlegg for Utval for Kultur, idrett og regional utvikling (KIRU). Innstillinga vert gjort ut i frå m. a. søkjartal i dei ulike kunstartane, geografi, tidlegare tildelte stipend. KIRU har det endelege vedtaket i saka. 16

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) Tilskot til 1 -3 årige prosjekt innan kunst, kultur og kunnskapsutvikling,

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) Tilskot til 1 -3 årige prosjekt innan kunst, kultur og kunnskapsutvikling, eller idrett og friluftsliv.

KUP for perioden 2016 - 2018 • Programområda ligg tett på fokusområda og satsingane

KUP for perioden 2016 - 2018 • Programområda ligg tett på fokusområda og satsingane i Regional kulturplan for Hordaland 2015 -2025. Kulturplanen med tilhøyrande handlingsplan ligg til grunn for fylkeskommunen sine prioriteringar og ei viktig reiskap i vurderinga av søknadene. • Programområde for 2016 - 18 er følgjande: • A: Formidling og deltaking • B: Samordning og samhandling • C: Kunstløftet - kunstnarleg nyskaping

 • Søknadene skal gjelde 1 -3 -årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst,

• Søknadene skal gjelde 1 -3 -årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling. Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Hordaland, og tiltaket må medverke til utvikling i Hordaland. • Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar. Det vert ikkje gjeve tilskot til ordinær drift og investeringar.

KUP programområde C: Kunstløft - kunstnarleg nyskaping • Programområde C. Kunstløft – kunstnarleg nyskaping

KUP programområde C: Kunstløft - kunstnarleg nyskaping • Programområde C. Kunstløft – kunstnarleg nyskaping er eit programområde i KUP som retter seg heilt spesifikt inn mot det profesjonelle kunstlivet med høve til å søkje støtte til produksjon. • Dette programområdet skal rettast inn mot tiltak og prosjekt innan alle kunstartar som: > er av høg kunstnarleg kvalitet > utviklar kunstlivet i fylket innan si kunstart > utforskar nye samarbeid og samspelsformer mellom ulike kunstartar og kulturformer. > kan vere synleg

Litt om sakshandsaming / søknader generelt • Dersom det ikkje er rom for å

Litt om sakshandsaming / søknader generelt • Dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssum vert søknaden avslått. c. Hordaland fylkeskommune fullfinansierer normalt ikkje prosjekt. Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering. • Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ei gong i månaden. • Alle søknader er offentlege dokument (ikkje stipendsøknadane) • Evt. ekstern fagleg rådgjeving ved reint kunstfaglege søknader 21

Ang oppsett av budsjett i søknadsskjema: • • Søkjar skal i søknaden fylle ut

Ang oppsett av budsjett i søknadsskjema: • • Søkjar skal i søknaden fylle ut budsjettskjemaet og sette inn aktuelle inntekter og utgiftar. • • Gruppér inntektane og utgiftane i 4 – 9 høvelege kategoriar (t. d. husleige, honorar, billettinntekter, eigeninnsats, offentlege tilskot). Det er mogleg å levere eit meir detaljert budsjett som vedlegg. • • Budsjettet må vere i balanse. Dette vil si at totalsum til inntekter og totalsum til utgiftar skal vere lik. • • Dersom ein har søkt andre tilskot, må det kommenterast om desse er innvilga. Dersom ein får svar etter at søknaden er sendt inn, kan ein ettersende dette. • Tips til budsjettet: • • Dei beløpa som vert ført opp treng ikkje vere heilt nøyaktige, men det må gjerast ei vurdering av kva dei einskilde kategoriane kan ha av kostnad. • • Det er viktig å vere realistisk når ein sett opp budsjettet. Kommenter gjerne om det er utgifter eller inntekter som er særleg usikre. • • Sjå til at det er samsvar mellom skildringa av prosjektet ( «Om prosjektet» ) og budsjettet. • • Det er viktig å få fram verdien av evt. eigeninnsats / frivillig arbeid i budsjettet. 22

Den kulturelle skolesekken • Hordaland fylkeskommune: grunnskular i alle kommunar utanom Bergen, vidaregåande skular

Den kulturelle skolesekken • Hordaland fylkeskommune: grunnskular i alle kommunar utanom Bergen, vidaregåande skular i heile fylket • Frist 1. oktober kvart år (turnéperiode skuleåret etter) • Ta omsyn til > > Målgruppe Lengde på framsyning etc. Skulen som arena Elever med spesielle behov • Faggrupper, ungdomsprogramråd, fagleg råd • Charlotte. espeland@hfk. no 23

Ambrosiahuset og kunstnaropphald i Covarrubias, Burgos i Nord-Spania • http: //www. forfattersentrum. no/arbeidsopphald-covarrubias-spania/ •

Ambrosiahuset og kunstnaropphald i Covarrubias, Burgos i Nord-Spania • http: //www. forfattersentrum. no/arbeidsopphald-covarrubias-spania/ • Det er mogleg å søkje etter søknadsfristen • Ambrosiahuset – hus på Hordamuseet på Stend. • Er du interessert – kontakt tone. stedal. haugland@hfk. no 24

Hordaland. no Tone. stedal. haugland@hfk. no

Hordaland. no Tone. stedal. haugland@hfk. no