Introduksjonsprogrammet Tidsfristar og varigheit Introduksjonsprogrammet skal starte innan

  • Slides: 15
Download presentation
Introduksjonsprogrammet

Introduksjonsprogrammet

Tidsfristar og varigheit Introduksjonsprogrammet skal starte innan 3 månader etter busetting. Nye flyktningar som

Tidsfristar og varigheit Introduksjonsprogrammet skal starte innan 3 månader etter busetting. Nye flyktningar som er busett i ein kommune etter avtale med IMDi har rett og plikt til Introduksjonsprogram. Alle som er i introduksjonsordninga i Voss kommune har både rett og plikt til å delta. Dette betyr at du har rett til å klage dersom du ikkje får program på meir enn 30 timer per veke, og ikkje får eit heilårleg program. Det betyr også at kommunen kan stanse programmet ditt dersom du ikkje møter opp og gjer din del av jobben for å nå målet ditt. Introduksjonsprogrammet kan vare i inntil 2 år, med tillegg av godkjent permisjon. Gyldig fråvèr som overstiger 10 dager, får du attende på slutten av programmet ditt.

Fulltidsprogram Introduksjonsprogrammet skal vera på fulltid. Programmet skal gje grunnleggjande ferdigheiter i norsk språk,

Fulltidsprogram Introduksjonsprogrammet skal vera på fulltid. Programmet skal gje grunnleggjande ferdigheiter i norsk språk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv, og forberede for deltaking i yrkeslivet. Språkpraksis eller annan arbeidspraksis kan vera ein del av programmet. Programmet skal leggjast opp slik at det er mest mogeleg likt «normalt» norsk arbeidsliv, og skal ha ein «arbeidstid» på 37, 5 timer i veka.

Individuell plan (IP) Alle som deltar i introduksjonsprogrammet skal ha ein IP. Ein IP

Individuell plan (IP) Alle som deltar i introduksjonsprogrammet skal ha ein IP. Ein IP skal innehalde hovudmål, delmål og tiltak. Planen skal lagast i samarbeid med deltakar, og er deltakar sin plan for tida i introduksjonsprogrammet. Det er viktig at du tenker igjennom både hovudmål og delmål, då det er dette dokumentet som er styrande for kva kommunen kan innvilga deg av tiltak utanom norskopplæring, samfunnskap og språkpraksis. Deltakar kan når som helst be om å få endre på planen sin, og skal få hjelp av integreringsrådgjevaren sin til dette.

Introduksjonsstønad Stønaden utgjør to gonger folketrygdens grunnbeløp på årsbasis. I dei fleste kommunar mottek

Introduksjonsstønad Stønaden utgjør to gonger folketrygdens grunnbeløp på årsbasis. I dei fleste kommunar mottek dei som er under 25 år 2/3 -dels stønad. Voss kommune har derimot bestemt at alle skal ha lik stønad uavhengig av alder. Ved fråvær som ikkje skyldast sjukdom, permisjon eller anna godkjent fråvær, skal stønaden reduserast tilsvarande fråværet. I dag utgjer 1 time fråvèr ca 105 kroner.

Fråvær – del 1 Om du har fråvær får du trekk i stønad to

Fråvær – del 1 Om du har fråvær får du trekk i stønad to månader etter at du var borte. Døme: Du er borte to dagar i mai. Du får trekk på stønad i juli. Alle som går på intro skal levere frammøteskjema til integreringstenesta! Om du ikkje gjer dette, kan du få feil stønad, og du har ikkje rett på å få penger tilbake. På frammøteskjema, skal du skrive kva du har gjort i intro og når du har gjort det. Om du har hatt gyldig fråvær så må du levera dokumentasjon på dette saman med frammøteskjema! Døme: Eigenmelding, sjukemelding, innkalling til lege eller tannlege m. m. Om du skriv at du har hatt gyldig fråvær utan bevis vil du få trekk i stønad.

Fråvèr – del 2 Dersom fråvèret ditt overstiger 10% i løpet av ein månad,

Fråvèr – del 2 Dersom fråvèret ditt overstiger 10% i løpet av ein månad, vil du motta eit varselbrev frå integreringstenesta om at du har for høgt fråvèr. Kort tid etter vil du få ein samtale med integreringsrådgjevaren din om fråvèret ditt, og kva konsekvensar dette kan få for deg. Dersom fråvèret ikkje endrar seg etter denne samtalen vil du få ein ny samtale der du blir orientert om midlertidig stans i programmet. Dersom du får midlertidig stans, vil du ikkje motta introstønad for den perioden du er i stans. Dersom du framleis ikkje møter i programmet etter fleire advarsler og midlertidig stans , vil kommunen stoppe programmet ditt. Når eit introduksjonsprogram er stoppa er det ikkje mogeleg å starte opp igjen.

Fråvær ved sjukdom Om du er sjuk og ikkje kan delta på intro må

Fråvær ved sjukdom Om du er sjuk og ikkje kan delta på intro må du levere eigenmelding eller sjukemelding. Er du sjuk meir enn tre dagar kan du ikkje skrive eigenmelding på dette. Då må du til legen og få sjukemelding. Du må ha vært på intro i åtte veker før du kan nytta eigenmelding. Før det må du til lege og få sjukemelding! Eigenmelding kan du berre nytta om du er sjuk eller om ditt born er sjuk! Du kan maks ha brukt 4 eigenmeldingar dei siste 12 månadene. Det må gå minimum 16 dagar mellom kvar eigenmelding.

Velferdspermisjon Deltakar må søkje om å få permisjon. Søknaden må leverast til integreringstenesta minst

Velferdspermisjon Deltakar må søkje om å få permisjon. Søknaden må leverast til integreringstenesta minst 2 veker før permisjonen kan starta. Når det er viktige velferdsgrunnar, kan kommunen gje inntil 10 dagar kvart kalenderår til velferdspermisjon. Dømer: - ved tilvenning i barnehage (maks 3 dagar) - for å fylgje born til skule (maks 1 dag) - om deltakar gifter seg (1 dag + reiseveg) - dødsfall i nær familie/vennekrets (3 dagar) - til jobbintervju - Når en deltakar pleier ein nær pårørande.

Permisjon ved fødsel Etter fødsel har foreldre som deltar i introduksjonsprogram rett til omsorgspermisjon

Permisjon ved fødsel Etter fødsel har foreldre som deltar i introduksjonsprogram rett til omsorgspermisjon i (til saman) 10 månader i barnets første leveår. Permisjonen er utan introduksjonsstønad. Om både mor og far er på intro må far ta minimum 2 månader av omsorgspermisjonen. Om ikkje far tek sin del av permisjonen så fell denne vekk. Då får altså mor berre 8 månader.

Permisjon ved arbeid Viss ein deltakar får tilbod om arbeid på heiltid kan han

Permisjon ved arbeid Viss ein deltakar får tilbod om arbeid på heiltid kan han eller hun søkje om permisjon frå introduksjonsprogrammet. Deltakar kan få permisjon for fleire avgrensa periodar, og totalt for ein periode på inntil eitt år.

Religiøse høgtidar Deltakar som ikkje høyrer til den norske kyrkje har rett på opp

Religiøse høgtidar Deltakar som ikkje høyrer til den norske kyrkje har rett på opp til 2 dagar fri til feiring av religiøse høgtidar. Ein får berre fri for 1 dag om gongen. Det må søkjast om fri minst 2 veker før du ynskjer å ta fri. Du må alltid søkje til integreringstenesta (Ikkje til skulen aller andre stader!).

Ferie Når du er på intro har du rett på 25 dagar ferie i

Ferie Når du er på intro har du rett på 25 dagar ferie i løpet av eitt år. Kommunen bestemmer når ferien skal være. Dette er like mange feriedagar som alle andre arbeidstakarar har. Det er opp til den enkelte kommune og fastsetta ferietidspunkt for deltakarane. I Voss kommune er det sommarferie for deltakarane i juli månad. Intro har også feriedagar i jule -og påskeferien.

Utviding I lov om Introduksjonsordninga står det i § 5: «Når det vil styrke

Utviding I lov om Introduksjonsordninga står det i § 5: «Når det vil styrke den enkeltes mulighet for overgang til arbeid eller ordinær utdanning, eller styrke muligheten for å nå målsettingen i den individuelle planen, kan programmet forlenges til inntil tre år. » Dette betyr at du kan få utviding av programmet ditt dersom du kan sannsynleggjera at du vil nå målet ditt i IP, kan få arbeid, eller ordinær utdanning gjennom ei utviding. Det bør søkast når du nærmar deg slutten av programmet ditt, og tidlegast når det er 2 månader att av vedtaket ditt. Når du har søkt om utviding vil integreringsrådgjevar senda søknaden til læraren din for uttale. Integreringsrådgjevar vil så gå igjennom fråvèret ditt, samt individuell plan for å sjå kva du har oppnådd i programtiden. Om du får forlenging vil verte avgjort på eit møte der leiar for integrering og vaksenopplæring er til stades.

Oppgåver De skal no gjera oppgåver i grupper på 5 og løysa oppgåvene de

Oppgåver De skal no gjera oppgåver i grupper på 5 og løysa oppgåvene de får utdelt. Ein person i gruppa skal ha som ansvar å svara på spørsmåla etterpå.