Sagstad skule Fellesinformasjon 2020 2021 Kort om skulen

  • Slides: 15
Download presentation
Sagstad skule Fellesinformasjon 2020 -2021

Sagstad skule Fellesinformasjon 2020 -2021

Kort om skulen ü Sagstad skule har dette skuleåret 463 elevar ü Elevane er

Kort om skulen ü Sagstad skule har dette skuleåret 463 elevar ü Elevane er fordelt på 23 klassar ü Språkdeling på alle trinn ü 44 lærarar ü Ca 153 born påmeldt SFO ü Skuleleiinga består av rektor, to inspektørar og SFO-leiar

Rutiner vedkomande fråvær ü Dersom eleven er sjuk, må skulen få melding på klassetelefonen

Rutiner vedkomande fråvær ü Dersom eleven er sjuk, må skulen få melding på klassetelefonen seinast kl 08: 15. Det gjeld og om eleven skal gå før skulen er slutt. ü Det må søkjast permisjon for all planlagd fråvær. Kommunen har eit eige søknadsskjema som ligg på skulein si heimeside. ü Ein må søkje om fråværet berre er ein dag. ü Ved timesfråvær skriv ein melding til kontaktlærar. ü Meldingar som gjeld SFO må ein leggje i Visma Flyt Skole før kl 11: 00.

Samarbeid mellom heim og skule For å få til eit best mogleg samarbeid mellom

Samarbeid mellom heim og skule For å få til eit best mogleg samarbeid mellom heim og skule ønskjer vi: ü at det skal vere lav terskel for føresette til å ta kontakt med skulen. Skulen nyttar først og fremst e-post i kommunikasjon med føresette. ü at føresette melder ifrå om når eleven ikkje møter på skulen grunna sjukdom. ü At ein først melder saker til kontaktlærar før ein tar kontakt med skuleleiinga. ü at føresette les elevane sine vekeplanar og andre skriv som vert sendt heim. ü at føresette er innom skulen sine heimesider for å få innblikk i det vi driv med, og for å få informasjon som ligg der. https: //www. minskole. no/sagstad NB! Ein kan abonnere på nyhende her. ü at føresette loggar inn på «Visma Flyt Skole» for å halde seg informert om fråvær og merknader for sitt born. ü at føresette talar vel om skulen i heimane, og tek problematiske ting opp direkte med skulen.

Kva kan føresette forvente av skulen? ü at de blir tatt på alvor når

Kva kan føresette forvente av skulen? ü at de blir tatt på alvor når de tar kontakt med skulen. ü at skulen opnar e-post første time og før arbeidsdagen er over, kvar dag. ü at skulen kontaktar føresette seinast kl 08: 45 dersom ein elev på 1. eller 2. trinn ikkje har møtt på skulen og føresette ikkje har gitt beskjed om at eleven er vekke. ü at det kjem informasjon på lekseplanen ved kjend fråvær om klassen skal ha vikar. ü at føresette skal få melding snarast, eller same dag ved uhell/skade. Sjå eigen instruks om sjuke eller skadde elevar. ü Skulen nyttar først og fremst e-post i kommunikasjon med føresette. SMS nyttar ein til særleg viktig informasjon (akutt sjukdom og liknande eller vesentlege endringar i timeplanen, t. d. turdagar eller andre meldingar som hastar).

Kva kan føresette forvente av skulen? ü at vekeplanar og viktig informasjon kjem ut

Kva kan føresette forvente av skulen? ü at vekeplanar og viktig informasjon kjem ut på heimesida til skulen. All ranselpost skal vere mogleg å finne digitalt. ü at føresette skal få tilbakemelding innan 5 dagar ved skriftleg klage. ü at førespurnad som gjeld eleven sin rett til eit trygt og godt miljø skal behandlast i tråd med gjeldande lovverk. ü at Visma Flyt skule haldast oppdatert med tanke på eleven sitt fråvær og merknader. ü at det blir skrive vurderingar til utviklingssamtalen i Visma Flyt.

Trygt og godt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø

Trygt og godt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring Skulen har nulltoleranse for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering Vi jobbar kontinuerleg med ü å skape/fremje eit trygt og godt miljø på skulen ü å førebyggje mobbing og andre krenkingar ü å handtere mobbing og andre krenkingar når det oppstår Alle dei vaksne på skulen har aktivitetsplikt! Plikt til å følgje med Plikt til å gripe inn Plikt til å varsle Plikt til å undersøkje Plikt til å setje inn tiltak Elevstemma er viktig! Vi tar alltid omsyn til eleven si subjektive oppfatning i skulemiljøsaker Dersom skulen ikkje følgjer opp, kan elevar/føresette ta kontakt med Fylkesmannen Det ligg mykje informasjon om trygt og godt skulemiljø på udir. no

Utviklingsområde Skulemiljø Inkluderande barnehage- og skulemiljø. IBS-Alver üProsjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Vi skal

Utviklingsområde Skulemiljø Inkluderande barnehage- og skulemiljø. IBS-Alver üProsjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Vi skal jobbe saman for å utvikle kompetanse og god praksis internt og på tvers. Målet er å styrke vår kompetanse til å utvikle og oppretthalde gode barnehage- og skulemiljø og å forebygge, avdekke og handtere mobbing/krenkingar. Fagfornyinga üAlle læreplanar har blitt fornya. Ny læreplan er gjeldande frå august 2020. üNy overordna del beskriv kva verdiar og prinsipp opplæringa skal bygge på. üDet elevane lærer skal vere relevant. Elevane skal kunne reflektere, vere kritiske, vere utforskande og vere kreative. Det blir jobba med forståing og det å sjå samanheng i det enkelte fag og mellom faga. Lesing/språk üFøringar frå Alver kommune.

Smittevern ved Covid-19 Dei 3 grunnpilarane er: ü Ingen sjuke skal møte på skulen

Smittevern ved Covid-19 Dei 3 grunnpilarane er: ü Ingen sjuke skal møte på skulen ü God hygiene og forsterka reinhald ü Kontaktreduserande tiltak

Ein litt annleis skulestart hausten 2020 ü Det er retningslinjer vi må følgje i

Ein litt annleis skulestart hausten 2020 ü Det er retningslinjer vi må følgje i samband med situasjon med koronasmitte. Vi er på gult nivå no. ü Kvar klasse er ein kohort. Bortimot normal situasjon i det enkelte klasserom. ü To kohortar kan samarbeide, fortrinnsvis ute. ü Skuleområdet er delt inn i soner for å halde avstand mellom kohortane. Kvar kohort har si eiga sone til oppsette tidspunkt. ü Elevane får gå rett i klasserommet når dei kjem til skulen. ü Kroppsøving skjer førebels utandørs.

Når barn har akutt luftvegsinfeksjon ü Barn i barneskulealder eller yngre vert sjeldnare sjuke

Når barn har akutt luftvegsinfeksjon ü Barn i barneskulealder eller yngre vert sjeldnare sjuke av det nye koronaviruset. Om dei blir sjuke, har dei ofte eit lett sjukdomsforløp. Symptoma er ofte milde og kortvarige og kan være vanskelege å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. ü Luftvegsinfeksjonar er til dømes hoste, sår hals, nesetettleik og rennande nase. Om barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, bør barnet vere heime, særleg om det har fleire symptom samtidig eller har nedsett allmenntilstand. ü Det er unntak for barn i barneskulealder som berre har rennande nase og elles er i god allmenntilstand. Dei treng ikkje halde seg heime. ü Dei minste barna vil ofte ikkje klage over vond hals eller kroppsverk, men ein kan gjerne merke at barnet er i ferd med å bli sjuk ved at det sutrar meir enn vanleg, ikkje vil ete, i tillegg til at dei til dømes har rennande nase eller hoste. Føresette må derfor vere ekstra merksame når barnet ikkje er heilt i form og i tillegg har symptom i luftvegane, og holde det heime.

Når kan barn komme tilbake på skulen? ü Barn som er symptomfri, kan komme

Når kan barn komme tilbake på skulen? ü Barn som er symptomfri, kan komme tilbake på skulen. ü Ved feber og hoste bør ein teste barnet for Covid-19. Ved berre lette luftvegssymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime i eit par dagar. Ved ingen betring, tilrår ein testing av barnet. Ved rask betring, kan barnet gå tilbake på skulen etter test. ü Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan komme tilbake på skulen. Det vil seie at det er allmenntilstanden som avgjer når barn kan komme tilbake på skulen. Dette gjeld uansett om barnet har noko restsymptom som rennande nase eller sporadisk hoste. Så lenge symptoma kan bli knytt til ein gjennomgått infeksjon og ikkje er nyoppstått eller aukande, kan barnet komme tilbake på skulen når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for barnet. ü Sjekk Folkehelseinstituttet sine sider for ytterlegare informasjon. https: //www. fhi. no/nettpub/coronavirus/fakta/hvis_du_mistenker_at_du_er_syk_med_covid-19/? term=&h=1#naar-barn-har-akutt-luftveisinfeksjon

Val av klassekontaktar og FAU-representantar ü I 1. klasse skal ein velje ein klassekontakt

Val av klassekontaktar og FAU-representantar ü I 1. klasse skal ein velje ein klassekontakt for 1år, og ein for 2 år. Deretter vert ein valt for to år, slik at det vert valt inn ein ny klassekontakt kvart år. ü Føresette skal og velje ein FAU-representant og ein vara for FAU-representant. Ein blir valt for to år om gangen. ü Ein skal difor velje FAU representantar i 1. klasse, 3. klasse, 5. klasse og 7. klasse.

Skulefritidsordning (SFO) ü Enkle meldingar om t. d. fri, skal gå med…, skal ein

Skulefritidsordning (SFO) ü Enkle meldingar om t. d. fri, skal gå med…, skal ein registrere i Visma. Ikkje still spørsmål via Visma. ü Spørsmål: Ring mobilnr. 474 88 775 eller send ein e-post til SFO- leiar: astrid. opstad. jacobsen@alver. kommune. no ü Feriar: VIKTIG at de melder dykk på om de vil nytte plassen, vi bemannar etter påmelding. Ekstra betaling for overforbruk av timar (gjeld ikkje full plass). ü Nistemat: Kanskje ein må ha to matpakker for å halde heile dagen. Mange er tom for mat når dei kjem på SFO. ü SFO er organisert klassevis pga korona. Det er ønskjeleg at det er lav terskel for å ta kontakt om de lurer på noko.

Diverse informasjon ü Skuleskyss: Nye retningslinjer for fri skuleskyss for elevar med farleg skuleveg.

Diverse informasjon ü Skuleskyss: Nye retningslinjer for fri skuleskyss for elevar med farleg skuleveg. Sjekk heimesida til kommunen for meir informasjon: https: //www. alver. kommune. no/innhald/skule-og-utdanning/skuleskyss/ ü Lenkje til skulemjølk og skulefrukt finn ein på heimesida til skulen: https: //www. minskole. no/sagstad