Velkomen til Familiegudsteneste p Lepsy bedehuskapell Haram kyrkjelyd
Velkomen til Familiegudsteneste på Lepsøy bedehuskapell Haram kyrkjelyd – Jesus blir synleg Varme – Openheit – Trygggleik – Fellesskap - Menneskefiskarar
Preludium
No. S 479 Deg å få skode er sæla å nå, Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå; ver du for tanken min dyraste skatt, ljoset som strålar ved dag og ved natt!
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst, tal du det levande ord med di røyst! Far, lat meg vere barn her hjå deg. Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd; ver du det merket som syner mitt verd, livd for mi sjel, den tryggaste vakt; lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
Rikdom og ære som menneske gjev, er ikkje meir enn den morknande vev. Du er min arv som varer til sist, himmelske konge, det veit eg for visst.
Konge i æva, å lat du meg då sigrande inn i ditt rike få gå! Ver du mi tru, den vona eg ber til eg får skode din herlegdom der. Amen.
Nådehelsing
No. S 943 Måne og sol, vindar og hav Liturg eller Forsongar Syng for Herren, pris hans namn. Forkynn frå dag til dag hans frelse! Måne og sol, vindar og hav og blomar og born skapte vår Gud. Himmel og jord, allting er hans, Herren vår Gud vil vi takka.
Omkvede Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!
Jesus, Guds Son, død på ein kross for alle, for oss, lever i dag. Ja, han er her, ja, han er her. Herren vår Gud vil vi takka.
Omkvede Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!
Anden, vår trøyst, levande, varm og heilag og sterk, talar om Gud, leier oss fram dag etter dag. Herren vår Gud vil vi takka.
Omkvede Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!
Inngangsord, Føresegna om dåpen & Dåpsskyldnaden
Forsakinga Alle: Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen.
Truvedkjenning (Apost. ) L: Lat oss vedkjennast vår heilage tru. K: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmelen og jorda. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal kome att derifrå og døme levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.
Bøn
Dåpshandlinga
Lovprising
Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlét våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.
S 97 93 Det skjer et under i verden hver gang et barn blir til, over det gryende livet lyser Guds skapersmil.
Omkved Ingen på jorden er himlen så nær /: som barnet han tar i sin favn, : /
Det skjer et under når barnet møter oss hud mot hud, øynene speiler Guds himmel, gir oss et glimt av Gud. Omkved
Omkved Ingen på jorden er himlen så nær /: som barnet han tar i sin favn, : /
Det skjer et under i kirken, større enn verden vet. Barnet får del i Guds rike, svøpt i hans kjærlighet. Omkved
Omkved Ingen på jorden er himlen så nær /: som barnet han tar i sin favn, : /
Det skjer et under i dåpen, her skapes liv av ord. Barnet er størst i Guds rike skjønt det er minst på jord. Omkved
Omkved Ingen på jorden er himlen så nær /: som barnet han tar i sin favn, : /
Så la oss synge i glede, nå er Guds Ånd oss sendt, vannet blir kilden til livet, her har et under hendt. Omkved
Omkved Ingen på jorden er himlen så nær /: som barnet han tar i sin favn, : /
Tekstlesing: Luk 17: 7 -10 Liturg: Lat oss høyra Herrens ord Kyrkjelyd: Gud vere lova. Halleluja.
Vår Gud er så stor så sterk og så mektig, fins ingenting han ikke kan. 2 x Fjellet er hans og dalen er hans og stjerner som blinker er hans, Vår Gud er så stor, så sterk og så mektig, fins ingenting han ikke kan.
Preike
Kva heit svigerdottera til Tarah?
Kven var slave i huset til Pottifar ?
Kven fekk hjelp med Jesus etter at han ropa: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» ?
Kva var heimbyen til Abraham?
Kva skjedde då to ikkje ville lytte på eit forbod frå gud?
Kva gjorde Jesus etter at han reinsa tempelet?
Om kva bibelsk person veit vi at han sleit med depresjonar?
Å fortelje om gud og guds rike er ofte vanskeleg, men Jesus brukte eit spesielt grep, kva kallar vi dette grepet for?
Kven var ein teltmaker som var født i byen Tarsus?
Kva er det viktigaste som skjedde etter at Jesus døde på korset?
Utdeling av NT
Om jeg er liten eller stor, så er det best for meg på jord å høre Jesus til, og gå den vei han vil. Det er det som gjør meg lykkelig.
S 97 70 Om jeg er liten eller stor (2 x) Om eg er liten eller stor, så er det best for meg på jord å høyre Jesus til, og gå den veg han vil. Det er det som gjer meg lukkeleg.
Kunngjeringar Kyrkjelyd: Herre, høyr vår bøn.
Forbøn FG A Kyrkjelyd: Herre, høyr vår bøn.
Takkofferet vert tatt opp. . .
Når det stormer Når det stormar, når det stormar, Når det stormar rundt omkring; HEI! Når det stormar, når det stormer, Når det stormar rundt omkring; HEI! Gud er stormar, når eg er svak Hjelper meg å ta nye tak Når det stormar, når det stormar Når det stormar rundt omkring; HEI!
Når det brisar, når det brisar, Når det brisar rundt omkring; HEI! Gud er sterk, når eg er svak Hjelper meg å ta nye tak Når det brisar, når det brisar Når det brisar rundt omkring; HEI!
Velsigning Liturg: Lat oss prisa Herren. Kyrkjelyd: Gud vere lova. Halleluja. Velsigning Kyrkjelyd: Amen
Postludium
Fredshelsing Liturg: Gå i fred. Ten Herren med glede
- Slides: 56