Tverrfaglege og yrkesretta oppgver Vanskelege situasjonar Oppgve 1

  • Slides: 6
Download presentation
Tverrfaglege og yrkesretta oppgåver Vanskelege situasjonar

Tverrfaglege og yrkesretta oppgåver Vanskelege situasjonar

Oppgåve 1 Du jobbar på eit travelt apotek i utkanten av Oslo. Apoteket har

Oppgåve 1 Du jobbar på eit travelt apotek i utkanten av Oslo. Apoteket har leveransar til fleire sjukeheimar og får dagleg mange telefonar frå kundar om e-reseptar. Denne dagen får du ein telefon frå ein av dei faste kundane til apoteket. Ho lurer på kva ho har att av reseptane sine, sidan ho skal til legen i dag. Korleis handterer du denne situasjonen?

Oppgåve 2 Du er på jobb og står i direktereseptur på apoteket. Du trykker

Oppgåve 2 Du er på jobb og står i direktereseptur på apoteket. Du trykker fram neste kunde og merkar at denne kunden er veldig stressa. Han fortel at han har det travelt fordi kona er operert og ventar på han heime. Legen skulle ha sendt ein e-resept til kona, og denne må han no få henta. Han har ikkje med seg fullmakt. Korleis handterer og løyser du denne situasjonen?

Oppgåve 3 Du jobbar på eit vaktapotek. På denne kveldsvakta er det veldig mange

Oppgåve 3 Du jobbar på eit vaktapotek. På denne kveldsvakta er det veldig mange kundar innom, og du legg merke til ein kunde som gøymer seg litt bort. Du er heilt sikker på at du ser denne kunden putte ein nasespray i lomma. Korleis handterer du denne situasjonen?

Oppgåve 4 Du er på slutten av arbeidsdagen, og ein kunde kjem springande inn

Oppgåve 4 Du er på slutten av arbeidsdagen, og ein kunde kjem springande inn på apoteket. Det er lang kø i sjølvvalet, og denne kunden uttrykker stor misnøye med dette. Han begynner å oppføre seg ufint og kjem med kommentarar til dei andre kundane. Han verkar rusa og roper at han må få kjøpe ein kanyle. Korleis handterer du dette?

Oppgåve 5 Denne arbeidsdagen på apoteket er det stor pågang i resepturen. Du legg

Oppgåve 5 Denne arbeidsdagen på apoteket er det stor pågang i resepturen. Du legg merke til spesielt éin kunde som verkar veldig dårleg. Plutseleg fell vedkomande om på golvet. Kva gjer du?