Tverrfaglege og yrkesretta oppgver etisk dilemma Korleis meiner

  • Slides: 6
Download presentation
Tverrfaglege og yrkesretta oppgåver – etisk dilemma Korleis meiner du at du på best

Tverrfaglege og yrkesretta oppgåver – etisk dilemma Korleis meiner du at du på best mogeleg måte kan løyse dei ulike situasjonane på apoteket:

Oppgåve 1 Ein kunde som er muslim, kjem innom og ønsker å kjøpe ein

Oppgåve 1 Ein kunde som er muslim, kjem innom og ønsker å kjøpe ein bestemt type kapslar med Omega-3. Han er veldig bestemt på at han ikkje må få noko som inneheld gelatin frå svin. Du klarer ikkje i farten å finne ut om desse kapslane inneheld dette eller ikkje, men veit at kapslar frå ein annan produsent ikkje inneheld gelatin frå svin og tilbyr mannen desse. Desse manglar den indikasjonen han spurde etter, men du prøver å forklare at desse kapslane er heilt likeverdige med kapslane han bad om.

Oppgåve 2 Du oppdagar tilfeldigvis at ein av kollegane dine ikkje legg kontantane ho

Oppgåve 2 Du oppdagar tilfeldigvis at ein av kollegane dine ikkje legg kontantane ho tar imot, i kassa. I staden tar ho retur på innbetalt beløp og puttar pengane i lomma. To veker seinare er du på ny vitne til dette, og denne gongen klarer du diskré å finne returlappen i søppelkorga mens kollagen din plutseleg får ein ny kunde som ønsker å betale ei vare.

Oppgåve 3 Du jobbar i ei vaktsjefstilling på apoteket, og dette medfører at du

Oppgåve 3 Du jobbar i ei vaktsjefstilling på apoteket, og dette medfører at du jobbar kveldar og laurdagar, altså når det er relativt få tilsette på jobb. Dette fører til at du sjeldan eller aldri får høve til å sitte i arbeidstida med etterutdanningskurs o. l. , sidan de er berre to apotekteknikarar på vakt, men det blir likevel forventa at du skal gjennomføre desse kursa på lik linje med dei andre. Du må dermed gjere dette utanom arbeidstid, og dette meiner du blir feil.

Oppgåve 4 Du behandlar ein blå resept til ein kunde der det er føreskrive

Oppgåve 4 Du behandlar ein blå resept til ein kunde der det er føreskrive eit generisk legemiddel frå ein produsent. Apoteket ditt har ikkje dette legemiddelet frå denne produsenten, men frå ein annan produsent. Dette har blitt utlevert til kunden, som no kjem tilbake til apoteket og ønsker å levere denne medisinen tilbake fordi han meiner at han har fått feil preparat. Både pakninga og tablettane ser annleis ut enn dei han har fått tidlegare, og han ønsker ikkje desse tablettane.

Oppgåve 5 Du ekspederer ein kunde som du kjenner igjen som ein svært kjend

Oppgåve 5 Du ekspederer ein kunde som du kjenner igjen som ein svært kjend person som har vore mykje i media den siste tida. Ho har stått ei stund framfor reolen med intimprodukt, og når du spør henne kva du kan hjelpe henne med, seier ho at ho ikkje kan finne angrepiller, og spør om ikkje dei burde ligge i denne reolen. Ditt apotek har ikkje angrepiller i sjølvvalet sidan de har erfart at desse ofte blir stolne. Derfor ligg dei bak sjølvvalskassa.