Sprkdebatt Skriftsprket fr og no Sprkhistorie Utviklinga av
Språkdebatt Skriftspråket før og no Språkhistorie Utviklinga av norsk språk
Eksempel frå norrønt språk ……. og frå dagens språk «Nù lìôr fram vetrinum» «Ragnhildi dròttningu dreymôi drauma stòra; hon var sp. Q at viti» «Først drog eg ein frontside 270 på den første railen, etterpå ein switch backside 900 på den første kicken, over den store table`n køyrde eg ein clean method air, før eg avslutta med ein backside 540. Det rulte»
Norsk språkhistorie Norsk stammer frå indo-europeisk språkgruppe Norsk høyrer til i nordisk språkgruppe som stammer frå germansk. Vi deler den germanske språkgruppa i to delar: - Vest germansk: T. d. England, Nederlandsk og Tysk. - Nordisk: T. d. Norsk, Svensk, Dansk og Islandsk.
År 200 -750: Urnordisk Felles språk i heile Norden. Skriftspråket var runer. Språket utvikla seg i perioden før vikingtida. Ord blei kortare og enklare. Språkforskjellane i Norden vart større. I vest regjerte gammalnorsk, medan i aust regjerte svensk og dansk. Riksgrensene skilte språka, men mellom dialektane var det ikkje skarpe grensar.
År 750 -1350 Norrønt opplevde stor vekst pga. utflyttingar og erobringar av andre land. Vikingar eksporterte ord til utlandet. Utbreidd over store områder. Det latinske alfabetet kom med kristendommen, som etter kvar avløyste runene. Deler nordisk språkgruppe i aust-nordisk ( dansk og svensk) og vest-nordisk( norsk og islandsk). Den norrøne perioden blir avslutta med svartedauden i 1350.
År 1350 -1550 mellomnorsk tid Nedgangstider i Norge etter svartedauden. Norsk skriftspråk er trua. Vi får låneord av tysk , dansk, svensk og litt engelsk. Felles nordisk union, med Danmark som leiande stat.
År 1550 -1814 Dansketida Norge blir ein del av Danmark. Nordmenn snakkar norsk, men skriv dansk. Norge får eiga grunnlov i 1814; Unionen med Danmark tek slutt
Språkdebatt - norsken tar ein ny retning Norge får eiga grunnlov og nasjonalforsamling. Stort ynskje om eige språk blant folket. Dansk var framleis skriftspråket, medan dei fleste snakka dialekt. Når debatten var som størst på 1830 -talet kom tre språksyn fram:
Johan Welhaven ville halde på dansk som skriftspråk. Han ville behalde tett kontakt med Danmark, som han såg på som ein større nasjon.
Henrik Wergeland Han ville fornorske dansken ved å ta i bruk norske ord og uttrykk. Han ville gjere skriftspråket meir likt talemåten. Knudsen støtta synet til Wergeland, og var aktiv i språkdebatten.
P. A. Munch Han ville lage eit heilt nytt skriftspråk. Ynskte at norsken skulle gå tilbake til norrønt der det var naturleg. Denne forma følgde Ivar Aasen når han laga nynorsk.
To språksyn vinn fram Knudsen sto for riksmål( bokmål) og Aasen sto for landsmål (nynorsk). Begge fekk støtte frå forfatterar og språkforskarar. Venstre bestemte i 1884 at riksmål og landsmål skulle likestillast.
Sjølvstendig nasjon- to språk Norge vart løyst frå unionen med Sverige i 1905. Folket var framleis delt. Dei kjempa for det dei meinte var rett. Dei to frontane stifta kvar sin kamporganisasjon: Norges mållag (1906) og Riksmålforbundet( 1907). Stortinget vedtok reformer for å minske avstanden mellom språket dei snakka og det språket dei skreiv.
Nyare tid Språkdebatten vart mindre viktig etter andre verdskrig. Fokuserte heller på å bygge opp landet. Ynskje om mindre forskjellar mellom talemåte og skriftspråket har ført til rekkje valfrie former i nynorsk og bokmål. Begge skriftspråka har sine tilhengarar som kjemper for sitt skriftsmål.
Kjelder: Globalskolen 08 -09 - Norges språk gjennom tidene: http: //www. norsknettskole. no/gs/view. cgi? &link_id=0. 572061. 1345939 &session_id=0 Norsk Skoleforum: Fra runesteiner til pergament (norrøn litteratur ca. 700 - 1370) http: //www. skoleforum. com/stiler/analyse/det. aspx? id=2167 Kontekst Basiskbok, kapitel 8, 285 -306 Gyldendal Norsk Forlag AS 2006
- Slides: 15