rsplan Ulvik barnehage 2020 2021 Velkomen til Ulvik
Årsplan Ulvik barnehage 2020 -2021
Velkomen til Ulvik barnehage Barnehagen ligg på Lekve, ca. to km. frå Ulvik sentrum. Me har stort og flott uteområde, og tilgang til eit nærmiljø der me kan få både natur- og kulturopplevingar. Barnehagen har fire avdelingar, med til saman rundt 60 barn. I tillegg har barnehagen ein modul som vert brukt til bibliotek, grupperom, møterom og eventuelt avlastning for avdelingane. Me er ca. 20 tilsette, nokre arbeider deltid. Ulvik herad er ein heilskap og barnehagen er ein viktig del av denne. Barnehagen skal tilby dei yngste innbyggjarane ein god samspels- og utviklingsarena. Barnehagen vert også ein viktig møteplass foreldra, og me har eit aktivt Samarbeidsutval og Foreldreråd. Det faglege nivået i barnehagen skal vera høgt, og me arbeider for at personalet får utvikla og byggja på den faglege kompetansen sin. Barnehagen er med i samarbeidet Hardanger/Voss kompetanseregion om Tilsyn og Vurdering. Dette skal vera med på å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Hovudmålet for barnehagen er "ein plass der alle trivst". Målet gjeld for barn og vaksne og skal verta oppnådd gjennom fylgjande delmål: Den enkelte skal bli sett og høyrt, få utfordringar og oppleve meistring. Alle skal kjenne tryggleik, respekt og likeverd, oppleve glede og humor og vera med på å bestemme / påverke eigen kvardag. Tlf. KONTOR STYRAR: 56527150 / 40007140 Tlf. ASKELADDEN: 56527156 / 40007194 Tlf TYRIHANS: 56527155 / 40007195 Tlf. TOMMELITEN: 56527153 / 40007165
Ansatte 2020/2021 Styrar: Solgunn Wiik Bjørke Styrar 100% Tommeliten: Born født i 2017 - 2019 Ida Opedal Pedagogisk leiar 100% Veslefrikk: Born født i 2017 - 2019 Edel-Kristin Erdal Pedagogisk leiar 100% Tyrihans: Born født 2016 - 2017 Linn Løvtangen Skeie Gwyenn Esther Foshaugen Pedagogisk leiar 80% Pedagogisk leiar 20% Askeladden: Born født i 2015 Marny Hide Pedagogisk leiar 100% Spesialpedagog 12 %
Barnegrupper 2020/2021
Dagsrytme 07. 15 Tyrihans opnar for barn som har meldt om behov for tidleg start. (skriftleg avtale) 07. 30 Alle avdelingane opnar Fri leik, rolege aktivitetar 08. 30 – 09. 00 Frukost 09. 30 Samling, grupper, leik ute/leik inne 11. 30 – 12. 00 Måltid på Veslefrikk og Tommeliten 12. 00 – 12. 30 Måltid på Askeladden og Tyrihans 12. 30 – 14. 00 Leik ute/inne. Kvile for dei yngste 14. 30 Fruktstund 14. 45 Leik ute/inne 16. 30 Barnehagen stengjer (16. 15 for dei med avtale) Kjernetida er mellom 10. 00 -14. 00. Barna må vera komen i barnehagen til kl. 10. 00 eller gje beskjed til barnehagen om ein kjem seinare.
Pedagogisk innhald Barnehagen er det første frivillige steget i utdanningssystemet. Gjennom barnehagelova og rammeplan er barnehagane tillagt eit viktig pedagogisk samfunnsoppdrag. Barnehagen sin kvalitet er knytt til arbeidet med barna si utvikling, livslange læring og aktive deltaking. (Barnehagelova § 1) «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. » Dei ulike fagområda i barnehagen er: Dei 7 fagområda i rammeplanen Barnehagen sin arbeidsmåte er i stor grad tverrfagleg. Fagområda vil difor sjeldan opptre isolert. Dei vil vera vevd saman med kvarandre i glidande overgangar. Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, rørsle, mat og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknologi Mengd, rom og form Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Fokusområde 2020/2021: • Inkluderande barnehage miljø • Kommunikasjon, språk og tekst • Leik
Hovudmål: Barnehagen – ein plass der alle trives Visjon – full av lyst Ulvik herad har jobba fram ein visjon der rådmann, einingsleiar, mellomleiar, tillitsvalde og politikarar har vore aktive medspelarar. Visjonen er bilete av verksemda si framtid som me ynskjer å skapa saman. Barnehagen har i denne samanheng utarbeidd hovudmål og delmål for si eining, og dei skal gjelda for barn og vaksne. Delmål: Me skal jobba for at: - alle vert sett og høyrt - alle får utfordringar og oppleva meistring - alle kjenner tryggleik, respekt og likeverd - alle får ha medverknad på eigen kvardag - glede og humor pregar kvardagen - alle skal vera høflege, imøtekomande og visa respekt for kvarandre. Denne visjonen beheld me til Heradet evt har utarbeidd ein endra visjon.
Klede til barna Retningslinjer sjukdom Feber: Barn med feber skal vera heime frå barnehagen. Har dei fått febernedsetjande medisin reknast dei likevel som sjuke. Etter fleire dagars sjukdom bør barnet få ein feberfri dag heime før dei kjem i barnehagen. Omgangssjuke: Barn med oppkast og diaré eller berre diaré som tydeleg skuldast ein mageinfeksjon, skal haldast heime i 48 timar etter at dei er symptomfri. Lus: Barnet kan gå i barnehagen dagen etter at behandling er påbegynt. Reglar for ana sjukdom finn de på heimesidene til Ulvik Herad. Kjelde: Retningslinjer barns sjukdom, ulvikherad. no I garderoben har barna kvar sin kasse til skifteklede. Her ynskje me at det til ein kvar tid skal liggja: - Truser og sokker - Strømpebukse - Bukser - Gensere Haust og vinter: - Varme klede - Votter - Lue - Hals Sommar: - Solkrem - Solhatt/caps - lettare klede - Hugs å merka kleda med navnet til barna. - Hugs å ta med skitne kle heim for vask. - Sjekk igjennom korgene og pass på at det er nok skifteklede. Det er foreldras ansvar Bursdagsfeiring Private leiker I Ulvik barnehage ynskjer me ikkje at barna skal ha med seg private leiker/ting i barnehagen. Dette er med på å synligjera forskjeller og å stengje ute barn. Unntaket er på småbarnsavdelinger der barna sjølvsagt kan ha med seg kosebamse. I Ulvik barnehage feirer me kvart enkelt barn sin bursdag. Me lagar krune til dei, og har bursdagsamlingstund. Det er noko ulik praksis på avdelingane. Nokre har bursdagsdisko og nokon har eige fruktfat til bursdagsbarnet. Vårt felles fokus på alle avdelingane er at barnet er i fokus og målet er at barnet skal ha ein fin bursdag i barnehagen.
Barnehagen sine samarbeidspartar Tverrfagleg team: Barnehagen i heradet v/styrar deltek i tverrfagleg samarbeidsgruppe. Det er møte 2 3 gonger i året. I gruppa deltek: barnehagestyrar, helsesøster, spesialpedagog, ein representant frå barnevernstenesta og ein representant frå PPT. Foreldra: Foreldra er viktige støttespelarar for barnehagen. Det grunnlaget som heimen gjev barna, vil barna prøva ut og vidareutvikla i barnehagen. Grunnlaget vil bli utvida, barna vil oppleva nye ting og utvikla nye relasjonar. Det er difor viktig, og sjølvsagt, å ha eit aktivt foreldresamarbeid. Me ynskjer å skapa eit godt og ope klima der foreldra er trygge på at barna deira vert teken godt vare på, og det vert lagt til rette for eit godt leike og læringsmiljø og gode opplevingar. Det er viktig å ha ein open og god dialog mellom foreldra og personalet. For å oppnå dette har me: §God dialog ved bringing og henting §Foreldresamtalar (tilbod 2 gonger i året og etter ynskje) §Foreldremøte (1 2 gonger i året) §Samarbeidsutval §Årsplan, fagplan og vekeplan/månadsplan §Dokumentasjon gjennom bilete og tekst (Minnepermar, månadsskriv m. m. ) §Brukarundersøkingar §Ulike arrangement (Påskefrukost, sommarfest m. m. ) §Me startar no opp med Visma flyt barnehage. FAU oppmodar alle foreldre til å visa skjønn når ein invitera til bursdagsselskap, slik at ingen born vert ekskludert. FAU oppmodar også til at alle invitasjonar vert levert privat og ikkje i barnehagen. Samarbeid mellom skule og barnehage: Ulvik herad har plan for overgang frå barnehage til skule. Andre: Ved behov samarbeider barnehagen med helsesøster, pedagogisk psykologisk tenestekontor (PPT), BUP, logoped, spesialpedagog, Hardanger/Voss kompetansesenter og barnevernstenesta. Foreldra kan sjølve ta kontakt med PPT og spesialpedagog ved bekymring og spørsmål. Barnehagen har også eit samarbeid med Slow Food.
Visma Flyt Barnehage Hausten 2020 vil Ulvik barnehage ta i bruk Visma Flyt barnehage. Det vil vera ein barnehage-app som skal forenkla og effektivisera barnehagekvardagen. Appen gjev tilsette i barnehagen betre tid til dei som verkeleg betyr noko, nemleg barna. Det vil og vera ein app foreldra. Det vert då mogeleg å kommunisera med barnehagen. Her kan ein registrera fråvær, senda meldingar og mykje meir. Appen vil sikra god oppfølging rundt barnet for ein trygg og enkel samhandling med heimen.
Inkluderande barnehagemiljø Til hausten byrjar Ulvik barnehage på ein omfattande nettbasert kompetanseutvikling: Inkluderande barnehagemiljø. Dette er eit kurs som startar med ein forankringsdel på eit semester. Resten av kurset går over 3 semester, totalt 1, 5 år. Dette kjem til å vera eit gjennomgående tema på personalmøta. Nettkurset har som formål å utvikle Kurset skal bidra til at kompetansen i barnehager, hos barna, i tråd med barnehageeier og barnekonvensjonen, barnehagemyndighet, slik at får oppfylt sin rett til : barnehagen oppfyller sin plikt i tråd vern mot med barnehageloven til å: diskriminering ivareta barnas behov for omsorg beskyttelse og lære barna å ta vare på seg sjølve og omsorg som er kvarandre nødvendig for trivsel bidra til trivsel å verta høyrd Væra ein trygg stad for fellesskap og beskyttelse venskap motarbeida alle former for diskriminering Gjennom dei tre semestra kurset varar, strekker personalet i barnehagen seg mot følgende optimale, kollektive tilstand: I vår barnehage arbeider me kontinuerlig og systematisk med å fremja eit trygt og inkluderende barnehagemiljø, og med å oppdaga, undersøke og førebyggje alle formar for krenkelsar. Me stoppar krenkelsar og fylgjer opp med egna tiltak heilt til barna opplever at dei har et trygt og inkluderende miljø. Rammeplanen går lenger enn barnehageloven i sin omtale av krenkelser i barnehagen. Kurset skal bidra til forebygging og håndtering i tråd med rammeplanen. Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing. Om et barn opplever krenkelser eller mobbing, må barnehagen håndtere, stoppe og følge opp dette Personalet skal forebygge, stoppe og følge opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkelser og uheldige samspillsmønstre Kjelde: Høgskulen Innlandet
Tilvenning Godhei t skapar godheit Ulvik barnehage legg vekt på å gje barn og foreldre ei god tilvenning ved barnehagestart. Me legg til rette for at barna skal verta tekne imot på ein trygg og god måte. Barnehagen si anbefaling er at ein brukar minst 3 dagar på tilvenninga, der den fyrste dagen berre er eit besøk saman med foreldra 1 2 timar. Dei fyrste dagane i barnehagen bør vera korte, det er lurt å avslutta barnehagedagen før barna syner at «det er nok» . Me anbefalar også at barn og foreldre kjem på besøk i barnehagen i juni. Når me har tilvenning med nye barn, brukar me god tid – den tida som barna treng – på å gjera dei trygge, og ein primærkontakt fylgjer tett barna og foreldra i byrjinga. Me fylgjer dei rutinane barna er vane med i starten, slik at overgangen til «Barnehagelivet» vert så skånsom mogeleg. Like viktig som å gjera barna trygge i nye omgjevnader, er det å gjera foreldra trygge. VÅR ERFARING: TRYGGE FORELDRE Venskap Å ha ein ven, og å utvikle sosial kompetanse, er noko av det viktigaste barn treng i barndommen. Vener og relasjonar med andre barn, er essensielt for å kunne trivast. Ein venskapsrelasjon mellom barn handlar om gleda over å vere saman, glede over tilhøyrsle til eit fellesskap og opplevinga av å skape felles meining saman. Barna sine felles humoropplevingar er også viktige i ein venskapsrelasjon. Me legg stor vekt på at kvart einskilt barn skal få høve til å oppleve glede og venskap i barnehagen. Me har fokus på generelt venskap, ikkje bestevener. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpassa seg rutiner og organisera tid og rom slk at barnet får tid til å verta kjend, etablera relasjoner og knyta seg til personalet og til andre barn. Når barnet startar i barnehagen, skal personalet sørgja for tett oppfølging den første tida, slik at barna kan oppleva tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. Rammeplanen s. 33
Velkomen til nytt barnehageår! August 2020 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Veke 31 Laurdag Sundag 1. 2. Veke 32 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9 - Veke 33 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. Planleggingsda g Barnehagen er stengt Veke 34 17. 18. 19. 20. 21. 22. 23. 25. 26. 27. 28. 29. 30. Fyrste barnehagedag i nytt barnehageår Veke 35 24. Nasjonal lusekampanje Veke 36 31. Personalmøte
Overgangar i barnehagen: Ulvik barnehage legg vekt på at barna skal få gode overgangar mellom avdelingane. Både barn, foreldre og personale opplever gjerne overgangen frå småbarn til storbarnsavdeling som ganske stor. På storbarnsavdelinga er gjerne personaltettleiken halvparten så stor som ein var van med på småbarnsavdeling, og barnet er framleis lite. Personalet startar planlegging av overgangen tidleg om våren, men alt er ikkje på plass før fram mot sommaren. Det er viktig at både foreldre og personale gir denne perioden litt tid til å «gå seg til» . Barnehagen har laga eige skriv om oppstart og tilvenning i barnehagen og overgangane i barnehagen. Skrivet vert delt ut til foreldre. Dei eldste borna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og opp leve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste borna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen. Barnehagen skal bidra til at borna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skulen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner. Borna skal få bli kjende med kva som skjer i skulen og skulefritidsordninga. Rammeplanen s: 33, 34 Overgang barnehage-skule: Med dette som utgangspunkt, har skulen og barnehagen saman laga ein plan for overgangen kommande år. Oktober: 1. klasse kjem på besøk November: Felles fagmøte 1. klasselærar, sfo leiar, og pedagogar i barnehagen. Desember: Skulen kartlegg ressursbehov for haustens 1. klasse Våren: Pedagogiske rapportar vert skrivne av barnehagen og underskrivne av foreldre på foreldresamtale. Mars/April: Bli kjend dagar på skulen April: Innskriving på skulen Mai: Foreldremøte på skulen Juni: Overføringsmøte mellom barnehage og skule
Skal de ha haustferie? Hugs svarslipp må leverast innan 25. september. . September 2020 Måndag Veke 36 Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Sundag 1. 2. 3. 4. 5. 6. Veke 37 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. Veke 38 14. 15. 17. 18. 19. 20. Veke 39 21. 22. 24. Epledagen 25. 26. 27. Veke 40 28. 29. Personalmø te Nasjonal kampanje mot mobbing Foreldremøte 16. Nasjonal brannvernveka 110 – det brenn i eit hull 112 – tjuven må på do 113 – eg har vondt i mitt kne 23. 30. Svarfrist haustferie
Kultur vert utvikla i spenning mellom tradisjon og fornying. Vekselspelet mellom formidling og barna sin egen aktivitet skal vere ein del av barnehagen sitt særpreg. Barnehagens skal vere open for impulsar frå den lokale, regionale, nasjonale og globale verda. Barnehagemiljøet skal vera prega av toleranse og respekt for kvarandre uavhengig av kulturell, religiøs og språkleg bakgrunn. Barnehagen er ein arena der alle skal tileigna seg grunnleggjande normer og verdiar i samfunnet. Alle barn har rett til å oppleva at dei er ein del av eit fellesskap. Norge er eit fleirkulturelt samfunn og det er også barnehagen vår. I barnehagen ser me eit kulturelt mangfald som ein ressurs! Når barn møter ulike kulturar og tradisjonar, legg det grunnlaget for respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper. Medvit om eigen kulturarv og deltaking i andre kulturar skal bidra til at barn kan setje seg inn i korleis andre har det. Me i barnehagen vil blant anna: Leggja til rette for at det fysiske miljøet stimulerer til leik og estetiske uttrykksformer, både ute og inne. Nytte ulike materiale for å stimulere kreativiteten til barna. Me vektlegge leik og bygging med ulike materialar. Anerkjenne og oppmuntre barna til sjølve å skape, både ved til dømes teikning, maling, klippe og lime. Nytta mykje song, rim og reglar. Vi vil legge til Berekraftig utvikling Udir (Utdanningsdirektoratet) sin definisjon på berekraftig utvikling i barnehagen er mellom anna at barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Dette inneber at barnehagen skal bidra til at barna får ei gryande forståing for at dei handlingane me gjer i dag har konsekvensar for framtida. Barna skal og få ei gryande forståing for at alle menneskjer skal få dekka sine grunnleggjande behov utan å øydelegge framtidas generasjonar sin rett til å få dekka sine behov. Barnehagen skal og bidra til å leggje grunnlaget for barnas evne til å tenkje kritisk, handle etisk og syne solidaritet. I Ulvik barnehage vil me i høve til berekraftig utvikling mellom anna arbeide med kjeldesortering, naturens mangfald, dyrking av ulike vekstar, gjerne i samarbeid med Slow Food, FN`s barnekonvensjon, filosofiske samtalar der barna sjølve får mogelegheita til å formulere spørsmål, lytte til dei andre, reflektere og finne svar. Slik bidreg barnehagen til å leggje grunnlaget for kritisk tenking og dømmekraft. Ein kan enkelt seie at utgangspunktet for ein filosofisk samtale er å fokusere på spørsmål der det ikkje finnast klare svar.
Foreldresamtalar Oktober 2020 Måndag. Tysdag Onsdag Veke 40 Torsdag Fredag Laurdag Sundag 1. 2. Haustfest 3. 4. Miljøveka Veke 41 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. Veke 42 12. 13. 14. 15. Refleksdage n 16. 17. 18. Veke 43 19. 20. 21. 22. 23. 24. FN-DAGEN 25. 27. Personalmøt e 28. 29. 30. 31. Haustferie i grunnskule n Kulturveka Veke 44 26.
Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt saman med andre og Sosial kompetanse omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som utviklast gjennom sosialt samspel. Barn er sosiale heilt frå fødselen, og dei kommunisera med vaksne og kvarandre både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Sosial kompetanse handlar om å kunne kommunisera og samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen er sentral for at enkeltbarnet skal lykkast og trivast, og for at det skal verta verdsett som venn og likeverdig deltakar i samspelet med dei andre barna. Eit barn som samhandlar godt med andre, kan både tilpassa seg fellesskapet og vera ein synleg deltakar som hevdar sin plass Omgrepsforklaringar som kan vera nyttige i refleksjon i høve sosial kompetanse: Sjølvkjensle: å oppleva eigenverd, akseptera seg sjølv, kjenne seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ein positiv haldning til seg sjølv Empati: å ha forståing for andre sitt perspektiv, tankar og kjensler, kunne leva seg inn i andre sin situasjon, vise medkjensle og ta hensyn og kunne tolke og forstå kjensleuttrykk Prososial åtferd: å ha positive, sosiale haldningar og å kunne utføre handlingar som å oppmuntre, bry seg om, vise omsorg, hjelpe til og dela med andre Sjølvhevding: å kunna hevda seg sjølv og eigne meningar på en god måte, våge å stå imot gruppepress, ta initiativ og bli med på leik og samtalar som allereie er i gang, delta uoppfordra og invitera andre Sjølvkontroll: å kunna tilpassa seg ulike situasjonar, handtera konfliktar og utsette eigne behov og ynskjer i situasjonar som krev turtaking, kompromissar og
November 2020 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Veke 44 Sundag 1. Veke 45 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. Veke 46 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. Veke 47 16. 17. 18. 19. 20. 21. 22. Veke 48 23. 24. Personalmøt e 25. 26. 27. 28. 29. Veke 49 30. Planleggingsda g Barnehagen stengt
Leik for livet – kva er viktigare? Når bornet ditt svarar: " I dag har eg berre leika…" Då har det: Utvikla sin sosiale kompetanse Lytta til andre Lært seg nye ord og uttrykk Lært av andre Venta på tur Utvikla empati Samarbeida Opplevd meistring Vist omsorg for andre Opplevd tilhøyring til eit fellesskap Vore kreativ Hevda seg sjølv og sett andre sine behov Bearbeid inntrykk og opplevingar Kommunisert på tvers av kultur Brukt fantasien Lært holdningar og verdiar Vore aktiv og engasjert Løyst konfliktar Tenkt og prøvd ut Erfart korleis teknikk kan nyttast Undra seg og stilt spørsmål Konsentrert seg Lært om ulike rom, størrelsar, sortert og samanlikna Etablert vennskap Vore fysisk aktiv
Desember 2020 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Sundag Veke 49 1. 2. 3. 4. 5. 6. Veke 50 7. 8. 9. 10. 11. Luciamarkering 12. 13. Lucia Veke 51 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. 25. 1. joledag Barnehagen stengt 26. 27. Nissefest Veke 52 21. 22. 23. 24. Jolafta Barnehagen stengt Veke 53 28. Barnehagen stengt 29. 30. Barnehage n stengt Barnehagen stengt 31. Nyttårsafta Barnehagen stengt Me ynskjer små og store ei retteleg god jol, og alt godt i det nye året!
Leik Å leika er eit mål i seg sjølv. Barn leikar fordi det er morosamt å leika! Å leika er ein grunnleggjande rett barna har. «Rett til å leika og rett til nokon å leika med» . Leik er frivillig og har sjølve leikeaktiviteten som hovudmål. Leik er barna si mest typiske uttrykksform. Leiken skil seg frå all anna verksemd ved at det er ein spontan og skapande prosess som er styrt av barnet sjølv. Leiken har ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Leiken har mange uttrykksformer og kan føra til forståing og vennskap på tvers av alder og språkleg og kulturell ulikskap. Eit leikefellesskap legg grunnlaget for venskap. Å få delta i leiken og få vener er grunnlaget for at barn trivst og opplever barnehagen som noko meiningsfullt. I samhandling med kvarandre blir grunnlaget for læring og sosial kompetanse lagt. På den andre sida kan makt og utestenging i leiken hindra venskap og gode relasjonar. Barn lærer og utviklar ein samansett kompetanse gjennom leiken. Ved å «late som» går barn inn i si eiga førestellingsverd, tek perspektivet til andre og gir form til tankar og kjensler. Gjennom utforsking og samtale om verda og fenomen skaffar dei seg kunnskap og innsikt på mange område. Leik med den fysiske verda både ute og inneber utforsking og bearbeiding av inntrykk. I rolleleiken spelar kommunikasjonen ei sentral rolle. Opplevingar, forteljingar og nye røynsler er med på å gje næring til leik og til å utvikla leiken vidare. Vaksenrolla i leik: Barn påkallar ofte dei vaksne si merksemd når dei leiker. – Sjå på meg! ropar barnet når det huskar høgt eller kjem i god fart ned ¨sklia. ¨ Då er det nettopp det barnet ynskjer: at det skal verta sett og bekrefta av den vaksne. Parallelt med at barna er oppteken av og brukar tid saman med kvarandre i leik, ynskjer dei iblant å involvera vaksne i leiken. Når ein vaksen deltek i leik, vert forholdet mellom den vaksne og barnet for ei stund prega av ein symmetri som er annleis enn i kvardagen ellers. Det er og viktig at leiken skjer på barnas premisser og at den vaksne respekterer barnas intensjonar. Den vaksne skal støtte barna i leiken og vera tilgjengeleg til ei kvar tid.
Januar 2021 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Veke 53 Fredag Laurdag Sundag 1. 2. 1. Nyttårsdag Barnehagen stengt 3. Veke 1 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. Veke 2 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. Veke 3 18. 19. 20. 21. 22. 23. 24. Veke 4 25. 26. 27. 28. 29. 30. 31. Personalmøt e
Eventyr Tradisjonen tru vil me i januar og februar ha eventyr som tema. Dette er felles for heile barnehagen. Dette er for å fremja kulturformidling, identitet og mangfald. På småbarnsavdelingane har me fokus på små og enkle eventyr som er lett for barna å forstå. Me vil formidla enkle eventyr ved hjelp av figurar, dokker, enkel dramatisering og bordspel. Av og til brukar me plakat med illustrasjon frå kvart eventyr som vert hengt opp i gangen på avdelinga. Me har òg ei eventyrkorg, og oppi der er det som skal illustrera eventyret som skal formidlast. På store avdelingane har me gjerne meir fokus på litt lengre, større, og gjerne fleire eventyr. Me dramatiserar, ser på film, les eventyr, diktar eige eventyr, teiknar og brukar konkretar og mykje meir. Barna deltek aktivt og Karneval I Ulvik barnehage ynskjer me å ha fokus på tema under karnevalet som er i februar. Dette fordi me ynskjer å minska kjøpepresset, minska synleggjering av skilnader, og ha eit felles tema på avdelinga. Me ynskjer difor at barna ikkje kjem i kostymer denne dagen. På Veslefrikk og Tommeliten har det vore vanleg med pysjparty. Her kjem barn og vaksne kledd i pysjamas. På Askeladden og Tyrihans har det vore ulike tema. Dei kjem tilbake med tema etter kvart. Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at borna møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og utrykksformer. Vidare står det at personalet skal bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og utrykksformer. Rammeplanen s: 48
Skal de ha vinterferie? Hugs svarslipp må leverast innan Februar 2021 5 februar. . Måndag Veke 5 1. Tysdag 2. Onsdag 3. Torsdag 4. Fredag Laurdag 5. Svarfrist vinterferie 6. Sundag 7. Samefolkets dag Veke 6 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. Veke 7 15. 16. 17. 18. 19. 20. 21. Hans Majestet Kongen 84 år! 24. 25. 26. 27. 28. Personalmøt e Veke 8 22. Vinterferie i grunnskulen 23.
Trivsel/tilhøyrsle Livsmeistring og helse Trivsel er viktig for å få eit godt miljø, og kjenna tilhøyring til ei gruppe er med på å gje borna ein identitet. Tryggleik er sjølve nøkkelen for å utvikla seg. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barna og om omsorga barna viser kvarandre. Å gje barn sjansen til å gje og ta imot omsorg for kvarandre er grunnlaget for å utvikle sosial kompetanse og eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv. God omsorg styrkjer føresetnadene for å utvikla tillit til seg sjølv og andre, oppleva gode relasjonar og til gradvis å ta større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. I barnehagekvardagen er det komplekse samspel mellom menneske. Personale er nærverande og engasjert i trivselen og utviklinga til det einskilde barn. Barna får hjelp til å oppfatte kva rammer/normer som er akseptable i samvær med andre. Dei vaksne rettleiar barna i vekslinga mellom samfunnsnormer og sosiale krav og eigen væremåte, og medverkar til at barna skal leggja grunnlaget for å kunna delta aktivt i eit demokratisk samfunn. Aksepter meg som eg er, så eg våger å verta den eg ynskjer å vera. Minnepermar: Når barna byrjar i barnehagen får barnet ein perm. I permen samlar me minner for tida barnet er i barnehagen t. d. historiar frå barnehagekvardagen, teikningar, maleri, foto. Me kan og nytta permen til kartlegging for og med barnet. Innhaldet i permen kan også vera eit utgangspunkt for samtalar med foreldra.
Mars 2021 Måndag Skal de ha påskeferie? Foreldremøte Tysdag Onsdag Husk svarslipp må leverast innan 12. mars! Torsdag Fredag Laurdag Sundag Veke 9 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. Veke 10 8. 9. Barnehagedagen. 10. 11. 12. Svarfrist påskeferie! 13. 14. 16. 17. 18. 19. 20. 21. Rockesokkdagen 23. 24. 25. 26. 27. 28. Vaffeldagen Påskefrukost/ foreldrekaffi Nasjonal kampanje mot hovudlus Veke 11 15. Planleggingsda g Barnehagen stengt Veke 12 22. Personalmøt e Veke 13 29. Påskeferie i grunnskulen 30. 31. ½ dag. Barnehage n stengjer klokka 12. 00
Relasjon Vaksne-Barn Verdiar • Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlas, praktiserast og opplevast i alle deler av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Barndommen har ein eigenverdi og barnehagen skal ha ei heilskapelig tilnærming til barna si utvikling. Å møte individet sitt behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i felleskapet, er viktige verdier som skal speglast i barnehagen. Barnehagen skal fremja demokrati, mangfald, og gjensidig respekt, likestilling, berekraftig utvikling, livsmeistring og helse. • Tid og rom for leiken Sjå og anerkjenna kvart enkelt barn • Gje rom for barns medverknad • Leggja grunnlaget for ein god dag l Tenk positive tankar, sei positive ord. Gjer positive handlingar og det positive gror. Relasjon Vaksne-Foreldre • • Gjensidig respekt God og imøtekommande kommunikasjon • Vera ein inkluderande arena for alle føresette • Unngå lojalitetskonflikt mellom barnehage/heim Rammeplanen s. 7 Relasjon Vaksne-Vaksne k • Gjensidig respekt • Vera lojal men ha ei demokratisk personalgruppa • Ha eit inkluderande fellesskap • Fremja likeverd og likestilling • Vera gode og tydelege rollemodellar Danning Rammeplan for barnehagen, innhald og oppgåver slår fast at barnehagen skal fremje danning. I dette ligg mellom anna at barnehagen skal bidra til at borna vert nyfikne til omverda og arbeide for, og leggje grunnlaget for at borna utviklar modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i eit demokratisk fellesskap. Vi skal vektleggje samhald og solidaritet, synleggjere og framheva ulikskap og mangfald. Dette inneber mellom anna at borna i barnehagen skal støttast i å uttrykkje sine synspunkt og skape meining i den verda dei er ein del av. Borna skal lyttast til, takast på alvor og oppleve at dei sjølve er viktige for fellesskapen. Relasjon Barn-Barn • Barna er med på å utforma gode reglar for samhandling seg i mellom.
Tilbod om foreldresamtalar April 2021 Måndag Tysdag Onsdag Veke 13 Påskeferie i grunnskulen Torsdag Fredag Laurdag Sundag 1. Skjærtorsdag Barnehagen stengt 2. Langfredag Barnehagen stengt 3. Påskeafta 4. 1. Påskedag Veke 14 5. 2. Påskedag Barnehagen stengt 6. 7. 8. 9. 10. 11. Veke 15 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. Veke 16 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. Veke 17 26. 27. 28. 29. 30. Personalmøte
Barn sin medverknad Barna sin alder og funksjonsnivå er avhengig av kor omfattande barna sin medverknad kan vera. Barna kan medverka i barnehagekvardagen på ulike måtar, i dei sakene dei forstår konsekvensane av vala dei gjer. Personalet er merksame på å ta barna sin medverknad på alvor. Det føreset god kommunikasjon mellom barna og personalet og mellom personalet og foreldra. Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine erfaringar, interesser og synspunkt og initiativ i det daglege arbeidet i barnehagen og ved val og gjennomføring av aktivitetar. Rammeplan s. 43. To 3 åringar snik seg inn på kjøkkenet. Den vaksne spør: «Kor skal de? » Barna svarer med litt streng stemma: «På møte!» Barna har rett til å få gi utrykk for si meining om kvardagen i barnehagen. Personalet må leggja til rette for at barna deltek i planlegging og vurdering av aktivitetar. Personalet skal vera medvitne på dei ulike utrykksmåtane barn har, og leggja til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alder, erfaringar og dei føresetnader barna har. I Ulvik barnehage har Askeladden og Tyrihans samlingar der barna vert tekne med i planlegging og vurdering. Veslefrikk og Tommeliten arbeider meir i høve observasjon av barna sitt kroppsspråk og merkar godt om aktivitetatar fengjer dei små. Slike observasjonar er viktige for alle aldersgrupper, og er ein viktig del av personalet sitt grunnlag for planlegging og tilrettelegging av pedagogisk og praktisk
Hugs svarfrist sommarferie 7 mai. Mai 2021 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Veke 17 5. 6. 7. Laurdag Sundag 1. 2. 8. 9. Veke 18 3. MILJØVEKA 4. Veke 19 10. 11. 12. 17. mai markering i barnehagen 13. Kristi himmelfartsd ag Barnehagen stengt 14. Planleggingsd ag Barnehagen stengt 15. 16. Veke 20 18 19. 20. 21. 22. 23. 25. Personalmøt e 26. 27. 28. 29. 30. Svarfrist. sommerferie 17 Mai HIPP HURRA Veke 21 24. 2. Pinsedag Barnehagen stengt Veke 22 31.
Språkleg kompetanse Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling gjennom kroppsspråk og leik med lydar er ein vesentleg del av måten barnet nærmar seg andre menneske på. At vaksne oppfattar og stadfester uttrykket til barnet og samtidig set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis talespråket utviklar seg vidare. Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet og meistring på mange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing. Barnehagen skal støtte at barna brukar morsmålet sitt og samtidig arbeida aktivt med å fremje den språklege kompetansen til barna. Samtalar, høgtlesing og varierte aktivitetar er viktig både i barnehagekvardagen og heime. Barnehagen skal hjelpa barna til å utvikla alle sider ved språket sitt, det verbale og det kroppslege. Me skal leggja til rette for at barna blir kjent med forteljing, bøker, songar og at dei sjølve får utvikla si evne til å uttrykkja seg gjennom språket. Dette fagområdet er gjennomgåande i alle aktivitetar barnehagen har. Me nyttar forskjellige verktøy som: Grep om begrep,
Juni 2021 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Sundag Veke 22 1. 2. 3. 4. 5. 6. Veke 23 7. 8. 9. 10. Vetteavslutni ng 11. 12. 13. Veke 24 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20. Veke 25 21. 22. 23. 24. 25. 26. 27. Sindre 4 år Planleggingsda g Barnehagen stengt Sommarferie i grunnskulen Veke 26 28. 29. 30.
Barnehagen som pedagogisk verksemd Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd, er å gi barna et tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal være grunngitt i barnehagelova og rammeplanen. Planlegging gir personalet grunnlag for å tenkje og handle langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegginga skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planlegginga synleggjer korleis barnehagen tolkar og realiserer rammeplanen og skal vere utgangspunkt for refleksjon og utvikling av verksemda. Dokumentasjon Barnehagen har årsplan, halvårsrapportar, månadsskriv og vekeplanar/månadsplanar. Det meste av informasjon vert sendt ut på e post til foreldra. Årsplanen er eit arbeidredskap. Det er ei informasjonstavle i gangen på kvar avdeling, der det vert hengt opp diverse informasjon og eventuelle bileter frå hendingar. Av og til vert det lagt i hylla på papir. Det kjem ut informasjon frå styrar, og frå pedagogisk leiar og barnehagelærar. Foreldra får tilbod om to foreldresamtalar i løpet av året. I tillegg kan foreldre eller personale be om ekstra foreldresamtale dersom det er aktuelt. På fleire avdelingar brukar ein dagtavle. Det er ei rekkje med bilde eller symbol for aktivitetane som skal skje i løpet av dagen. Barna får då lettare oversikt over dagen sin. Aktuelle tema og aktivitetar syner att i utstillingar og presentasjonar på avdelingane. Barnehagen nyttar observasjons/kartleggingsverktyet TRAS i høve barna si generelle språkutvikling ved 3 år og ved 5 år. Vurdering av dei ulike sidene ved arbeidet i barnehagen er avgjerande for at me kan gå vidare og utvikla tilbodet vårt. Vurderinga må gjerast av dei ulike partane i barnehagen, og vurderinga må setja arbeidet vårt opp mot det som vert pålagt i Lov om barnehage og Rammeplan for barnehagen. Foreldra deltek i vurdering, gjennom daglege samtalar, i foreldresamtalar og på foreldremøte. Barnehagen nyttar Utdanningsdirektoratet si foreldrevurdering som er open i november kvart år. Foreldra svarar digitalt. Resultatet vert presentert for FAU og i Samarbeidsutvalet. Det går ut informasjon til alle foreldra om resultatet. Barna skal få høve til å vurdera og påverka kvardagen sin gjennom føringar i Barns rett til medverknad. Askeladden og Tyrihans skal ha barnemøte med barna der dei samtalar om både planlegging og vurdering i høve tema og aktivitetar. Me nyttar eit intervjuverktøy som ein finn på www. barnehagetrivsel. no. Dei minste barna kan ikkje fortelja om kvardagen sin på same måte, men me observerer dei kvar dag og brukar observasjonsskjema. Personalet skal vurdera og reflektera over eigen praksis i barnehagen. Ståstedsanalysen for barnehage er eit godt verktøy der ein får sett på mange sider av det pedagogiske innhaldet og drøfta det opp mot føringar i Rammeplan for barnehagen. Ståstedsanalysen vert gjennomført i barnehagen våren 2021. Resultatet vert drøfta i personalgruppa og dannar grunnlag for neste års satsingsområde og Årsplan.
Juli 2021 Måndag Tysdag Onsdag Veke 26 Torsdag 1. Fredag 2. Laurdag 3. Sundag 4. Hennar Majestet Dronningen 84 år. Veke 27 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. Veke 28 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. Veke 29 19. 20. 21. 22. 23. 24. 25. Veke 30 26. 27. 28. 29. 30 31 BARNEHAGEN FERIESTENGD
August 2021 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Veke 30 1. Veke 31 2. 3. Veke 32 9. 10. Veke 33 16. Veke 34 23. Veke 35 30. Sundag 17. 24. 31. 4. 5. 6. 11. 12. 13. Planleggingsdagane er ikkje fastsatt enda. 7. 8. 14. 15. 18. 19. 20. 21. 22. 25. 26. 27. 28. 29.
Haustferie? I veke 41 (05. 10. 20 t. o. m 09. 10. 20) har skulen haustferie. Me ber om at alle svarar uansett om borna skal ha ferie eller ikkje, innan 25. 09. 20. Fyll ut og lever lappen til barnehagen innan fristen! ………………. skal ikkje ha fri (sett kryss) (Namn) ………………. skal ha fri: (Namn) 05. 10. 20 06. 10. 20 07. 10. 20 (sett kryss dei dagane som er fri) ……………………. Underskrift 08. 10. 20 09. 10. 20
Vinterferie? I veke 8 (22. 02. 21 t. o. m 26. 02. 21) har skulen vinterferie. Me ber om at alle svarar uansett om borna skal ha ferie eller ikkje, innan 05. 02. 21. Fyll ut og lever lappen til barnehagen innan fristen! ………………. skal ikkje ha fri (sett kryss) (Namn) ………………. skal ha fri: (Namn) 22. 02. 21 23. 02. 21 24. 02. 21 (sett kryss dei dagane som er fri) ……………………. Underskrift 25. 02. 21 26. 02. 21
Påskeferie? Me ber om at alle svarar uansett om borna skal ha ekstra ferie eller ikkje, innan 12. 03. 21. Me minner om at 31. 03. 21 stenger barnehagen klokka 12. 00. ………………. skal ikkje ha fri (sett kryss) (Namn) ………………. skal ha fri: (Namn) 29. 03. 21 30. 03. 21 31. 03. 21 01. 04. 21 02. 04. 21 Skjærtorsda g Langfreda g Barnehagen stenger kl. 12. 00 (sett kryss dei dagane som er fri) ……………………. Underskrift
Sommarferie FERIEAVVIKLING 2021 Vedtektene seier om ferie: Ferieavvikling for borna. Eit barn må ta ut 4 veker ferie i løbet av året. . Tre veker samanhangande, På bakgrunn av denne informasjonen utarbeidar styrar ferieliste for personalet og plan for sommardrift av barnehagen. Barnehagen er stengt i veke 28, 29 og 30. Me ynskjer å veta om nokon skal ha ferie utøve desse 3 vekene. 7. Mai er FRIST for levering av svarslipp. Alle må levera uavhengig om ein tek meir ferie eller ikkje. Oppsett av ferieveker er bindande! Barnet sitt namn: ____________________ 26 veke 27 veke 28 veke Barnehage n stengt 29 veke Barnehag en stengt 30 veke 31 veke 32 veke 33 veke Barnehag en stengt (sett kryss dei vekene barnet skal ha ferie) _________________ Underskrift
- Slides: 41