Partssamarbeid for eit betre arbeidsmilj rsta kommune Eit
Partssamarbeid for eit betre arbeidsmiljø – Ørsta kommune Eit ljos brenn like godt , um ein kveikjer eit annat med det! Ivar Aasen Idun Lee Hofset -personalleiar- Orlaug Bjørdal Kårstad -HTV Utdanningsforbundet-
Utgangspunktet vårt var ikkje særleg bra… • Hovudverneombodet hadde trekt seg frå vervet sitt…. • Vi hadde vore gjennom ei rettssak mellom arbeidsgjevar og nokre av arbeidstakarorganisasjonane –organisasjonane vann • «Arbeidsmiljøkartlegging? ? - Nei, det skal de ikkje svare på – berre noke (tull) som hovudverneombodet styrer med»
«Saman om ein betre kommune» administrasjon • Vendepunktet kom då vi kom med i ei satsing frå Kommunaldepartementet – «Saman om ein betre kommune» politikarar tillitsvalde • Grunntanken i denne satsinga var trepartssamarbeid - politikarar, administrasjon og tillitsvalde • Partane såg at vi måtte prøve ein annan strategi enn den vi hadde brukt – vi måtte samarbeide • Forankring i «toppen» har vore avgjerande
Trepartsgruppa KVEIK vert fødd • Samansett av 6 medlemmer – to frå kvar av dei tre partane: 2 politikarar – ordførar + ein frå «opposisjonen» 2 frå administrasjonen – rådmann + personalleiar 2 hovudtillitsvalde – Fagforbundet og Utdanningsforbundet • Partssamansett utval, men ikkje eit vedtaksført organ
Prinsipp for partssamarbeidet – vedteke politisk Ø Trepartssamarbeidet skal verte ei naturleg arbeidsform i Ørsta kommune og skal medverke til å utvikle gjensidig tillit mellom partane Ø Partane skal vere likeverdige og skal arbeide for å skape felles forståing gjennom respekt for ulikskapar i roller, innsikt og ståstad Ø Trepartsgruppa Kveik skal vere ein motor for kontinuerleg forbetring i Ørsta kommune, med særskild merksemd på arbeidsglede, auka nærvær og kvalitetsutvikling.
Lokale «Kveik-grupper» • Det politiske vedtaket innebar også etablering av «lokale Kveik-grupper» • På alle einingar med minst fem tilsette vart det frå 01. 2016 etablert partssamansette grupper • Desse fekk namnet GNEIST –grupper
GNEIST - gruppene einingsleiar • Skal vere samansett av: – Einingsleiar (evt. andre med leiaroppgåver) – Tillitsvalde (frå fleire organisasjonar) – Plassverneombodet tillitsvalde • Eit forum for leiing, medverknad, samskaping og utvikling på arbeidsplassen • Skal ikkje vere ei «kos med misnøye» -gruppe! verneombod
Gneistgruppene har fått konkrete oppgåver å jobbe med: • 10 -faktor – medarbeidarundersøking • Heiltidskultur • Etiske retningsliner • Vere intern høyringsinstans, t. d. ny Arbeidsgjevarstrategi, Levekårsplan
Suksesskriterier for at partssamarbeidet skal fungere • God forankring i alle ledd • Felles opplæring til alle medlemmene gruppa • At arbeidet vert etterspurt – kort rapport til AMU • Gruppa opplever å ha konkrete, relevante oppgåver • Eit fast namn på gruppa/gruppene
Saman mot nye høgder • https: //www. youtube. com/watch? v=UK-eu 9 v 6 Prk&sns=em Ørsta - hjartet av Sunnmørsalpane
- Slides: 10