Henrik Straumsheim 1893 1975 Henrik Johan Martin Straumsheim
- Slides: 16
Henrik Straumsheim 1893— 1975 Henrik Johan Martin Straumsheim fødd på garden Vik i Sykkylven (8. februar 1893). Foreldre: Anne Helgesdotter Drabløs (1866— 1947) og Severin Johansson Riksheim (1863— 1934). 1896 Familien flytter frå Vik til Teigen på Straumsheim (1962) Heimbygda (Eg veit ei bygd der inne). — Sunnmørsposten 6 mars 1931. Med dette diktet vann Henrik Straumsheim førstepremien i ei tevling om beste heimbygdskildringa som Sunnmørsposten skipa til. Bjarne Eidsvig (1899— 1977) sette seinare tone til diktet.
Heimbygda Av Henrik Straumsheim Foto: Per Aursnes
Foto: Per Aursnes Eg veit ei bygd der inne imellom fjell og fjord, ho gøymer tusen minne, dei kjæraste på jord.
Foto: Per Aursnes så mang ei bygd og mang ei grend var vakker nok og vide kjend, men ei imellom hine i minneglansen skine.
Foto Oddbjørn Stave Eg sit i stille stunder og blundar augo att, då stig ho som eit under or dis og draumenatt,
Foto: Irene Gjerde ho lyser skir og strålerein frå fjell og ned til fjørestein, og for mitt indre auga i vår og varme lauga.
Og som eg sit og tenkjer på barndomsbygda mi, eg ser at fjorden blenkjer i austagræla blid, Foto: Per Aursnes
Foto: Per Aursnes og kringom vik og våg og strand mot fin og sylvgrå fjøresand ligg bårene og plaskar og voggar seg og vaskar.
Eg ser dei smale strender imellom fjell og fjord, der vart det grøne grender av skrinn og steinut jord. Foto: Njål K Stave
Med tunge tak i armods kår vart garden rudd frå år til år, og stein og runnar rømde der eng og åker blømde. Foto: Per Aursnes
Eg ser dei døkke dalar i einsleg avgøymd ro, og ljose blåberg-salar med sval og fjellfrisk sno, Foto: Per Aursnes
og høgt frå berg og bratte svad i solarbliket rad på rad heng lette grovasikler med låt som bjølletikler. Foto: Per Aursnes
Ja, der er logne lundar av bjørk og osp og rogn, der barneminna blundar i djup og heilag togn, Foto: Per Aursnes
men vaknar att så mang ein gong, av syner vekt, av sol og song, så hugen heim vert boren av lengslene om våren. Foto: Per Aursnes
Vi vamar nok og vimar i verdsens ville sveim, men i dei stille timar sviv tankefuglar heim Foto: Per Aursnes
til bygda mellom fjell og fjord, den kjæraste vi veit på jord, til dalane der inne med glans av fagre minne. Foto Per Aursnes Henrik Straumsheim
- Henrik straumsheim
- Niels bohr education
- Carlill v carbolic smoke ball judgement
- Into which family was mathilde born
- Sir syed ahmed khan school
- The necklace introduction
- Safety appliance act 1893
- Ruska petorka kompozitora
- Between 1859 and 1893 vietnam
- The necklace setting of the story
- Palette de tony cragg
- 1975-1959
- Since 1975
- Teoria do esquema schmidt
- 1966 1967 1968 1969 1970 1971 1972 1973 1974 1975
- Look around you ghosts
- Blue skin people of kentucky