Emne 1 Emne 2 Emne 3 Sjekkliste for

  • Slides: 2
Download presentation
Emne 1 Emne 2 Emne 3 Sjekkliste for emneansvarleg – Døme frå institutt for

Emne 1 Emne 2 Emne 3 Sjekkliste for emneansvarleg – Døme frå institutt for miljø- og naturvitskap Kryss av Før emnet startar Kryss av Kryss av Kryss av Kontaktperson Lag TIMEPLAN for emnet semesteret før emnet skal undervisast: Send ønska dato, ønska tider og ønske om undervisningsrom til studiekonsulent som legg timeplanen inn i Time Edit/Canvas og tildelar undervisningsrom. Studiekonsulent Emneansvarleg får informasjon om eksamenstidspunkt og eksamenslokale frå studiekonsulent. Studiekonsulent Etabler rom i CANVAS for kvart emne du har ansvar for. Superbrukar Canvas Meld inn namn og kontaktinformasjon på sensorar for emnet og tilsvarande for klagesensorar. Studiekonsulent Når emnet vert undervist Gå gjennom emneomtalen i studieplanen saman med studentane på første dag av emnet. Forklar kvifor dette emnet er viktig i utdanninga Studieporogramansvarleg Informer studentane om føremålet med ekskursjonar, øvingar og andre arbeidskrav. Forklar kva arbeidskrav betyr og kvifor desse må vere godkjent for å få løyve til å gå opp til eksamen i emnet. Studieprogramansvarleg Før du reiser med klassen på ekskursjon/studietur skal feltkort for lærarar og studentar fyllast ut og leverast til Studiekonsulent Gjennomfør midtvegsevaluering i veke 3 av emnet. Be tillitsvalde drøfte med klassen på førehand om det er noko spesielt som bør justerast i siste halvdel av emnet. Ha møte med tillitsvald og drøft deretter tilbakemeldingane med klassen og gjer justeringar i emnet om dette er nødvendig. Studiprogramansvarleg Gjennomfør sluttevaluering i CANVAS t. d. etter siste førelesing, gjerne i kombinasjon med munnleg tilbakemelding. Superbrukar Canvas Eksamen I god tid før eksamen, kontroller at berre dei som har fått godkjent arbeidskrav får gå opp til eksamen. Lever lista til Studiekonsulent Utarbeid eksamen (nynorsk, bokmål, og ev. engelsk) og sensorrettleiing og drøft oppgåvene med sensor. Skriftleg eksamen (oppgåver, skuleeksamen) skal utførast digitalt i Wiseflow. Bruk kollega i faggruppa til å kvalitetssikre eksamensoppgåvene. Studiekonsulent Eksamensdagen: gå eksamensrunde mellom 09. 30 og 10. 00. Spør Studiekonsulent om eksamenslokale. Studiekonsulent Gjennomfør sensur seinast 15 arbeidsdagar etter at eksamen er avlagt og rapporter resultata til eksamenskontoret Instituttleiar Andre oppgåver Lag emnebudsjett og tildel timar til dei som deltek med førelesingar, øvingar og/eller ekskursjonar. Bruk mal Instituttleiar Rapporter til dei som deltek i emnet kor mange timar dei vil få på sin arbeidsplan. Kvar enkelt tek dette med vidare til arbeidsplansamtalen. Instituttleiar Emneansvarleg sin rapport: oppsummer evalueringane, og endringar som bør gjerast i emnet. Legg gjerne inn andre vurderingar som kan vera nyttige når emneomtalen skal reviderast ved nyttår. Distribuer rapporten til andre faglærarar som deltek i emnet. Studieprogramansvarleg

Emne 1 Emne 2 Emne 3 Sjekkliste for emneansvarleg – døme frå institutt for

Emne 1 Emne 2 Emne 3 Sjekkliste for emneansvarleg – døme frå institutt for miljø- og natursvitskap Kryss av Andre oppgåver Kryss av Kryss av Kontaktperson Delta i møter i faggruppene (Master: programstyret) der ein drøftar kvalitet i utdanninga Programansvarleg La alle tilsette i faggruppa vere medlem i CANVAS-rommet slik at alle kan få oversikt over kva som vert undervist i emnet Programansvarleg Ver førebudd på eventuell konte-eksamen Studiekonsulent Ver førebudd på å gje grunngjeving for eksamensresultatet til studentar som etterspør dette. Gjeld berre skriftleg eksamen Studiekonsulent Bacheloroppgåver: rettleiaransvar Informer studentane om at Bachelorseminaret er obligatorisk og delta aktivt dersom du er rettleiar Programansvarleg Finn ekstern sensor og klagesensor til oppgåva, fyll inn sensorskjema som ligg på R og send til Studiekonsulent innan 1 mai. Studiekonsulent Oppgåvene skal leverast i Wiseflow (https: //www. hvl. no/student/eksamen/heimeeksamen-og-oppgaveskriving/) Studiekonsulent Sensur på oppgåve skal føreligge seinast 15 arbeidsdagar etter innlevering. Gjer sensor merksam på dette på førehand Studiekonsulent Lag framlegg til nye bacheloroppgåver på oppmoding frå programansvarleg Programansvarleg Masteroppgåver: rettleiaransvar Signer følgjande skjema: Choice of master project og Supervision plan innan 1 November. Studieprogramansvarleg Rettlei studenten din regelmessig og delta også aktivt under emne “Scientific Writing, Theory of Science and Data Analysis” i tredje blokk i haustsemesteret. Studieprogramansvarleg/ Emneansvarleg Delta og rettlei studenten din for dei to obligatoriske arbeidskrava mid-way seminar (mars) og end-seminar (mai). Studieprogramansvarleg Finn ein ekstern og ein intern sensor (+ klagesensorar), til oppgåva, fyll inn sensorskjema og send til Studiekonsulent innan 1 mai. Studiekonsulent Fyll ut Supervisors-statement som skal leggast ved masteroppgåva når den sendast til sensorar, og send denne til Studiekonsulent innan 15 mai. Studieprogramansvarleg Sjå til at namn på studentar, tittel på oppgåva og namn og kontaktinformasjon til sensor vert ført på din arbeidsplan Instituttleiar Oppgåvene skal leverast inn i Wiseflow. (https: //www. hvl. no/student/eksamen/heimeeksamen-og-oppgaveskriving/) Studiekonsulent Sensur på oppgåve skal føreligge seinast 6 veker etter innlevering. Avtal med sensor. Studiekonsulent