2 Kongebok 4 1 Ei kvinne som var
2. Kongebok 4, 1: Ei kvinne som var enkje etter ein av profetlæresveinane, ropa ein gong til Elisja: «Tenaren din, som var mannen min, er død. Og du veit at tenaren din frykta Herren. Men no kjem ein som han skulda pengar, og vil ta begge sønene mine til slavar. »
2. Kongebok 4, 2: Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!»
2. Kongebok 4, 2: Ho svara: «Tenestekvinna di har ikkje anna i huset enn ei lita krukke med olje. »
2. Kongebok 4, 3 -4: Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tomme kar som du kan få tak i. 4 Så skal du gå inn og stengja døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
2. Kongebok 4, 5: Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei gav henne kara, og ho slo i.
2. Kongebok 4, 6: Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire. » Då heldt oljen opp med å renna.
2. Kongebok 4, 7: Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att. »
Johannes 2, 6 -10: 6 No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. 7 «Fyll kara med vatn» , sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. 8 Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren. » Det gjorde dei. 9 Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen 10 og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no. »
Johannes 4, 14: Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv. »
Johannes 6, 35: Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.
- Slides: 31